Auke i utlån av litteratur til barn og unge i Møre og Romsdal
Frå 2022 til 2023 var det ei auke i fem prosent for utlån av litteratur til barn og unge i fylket, med 294 520 bøker utlånt. Tilsvarande for heile landet er sju prosent auke. Den nye leselyststrategien "Sammen om lesing" som kom våren 2024, viser til at barn har lågare leselyst og dårlegare leseferdigheiter enn før. Biblioteka kan vere med å legge til rette for at barn og unge har god tilgang til variert litteratur, som motiverer og gir lyst til å lese. Utlånsstatistikken viser at biblioteka i fylket er viktig for lesing og leseutvikling for barn og unge. Vi ser at utlånet av bøker for barn er nesten tilbake til same tal som før pandemien. Utlånet av bøker til vaksne er gått ned sidan 2016, og har ikkje hatt like stor auke som utlån av litteratur til barn i Møre og Romsdal.
Møre og Romsdal hadde færrast aktive lånarar
Det var 36 179 aktive lånarar ved folkebibliotek i Møre og Romsdal i 2023. Aktive lånarar har minst eitt registrert utlån i løpet av året. Dette utgjer 13 prosent av befolkninga i fylket. På landsbasis er talet 17 prosent. Møre og Romsdal har lågast tal aktive lånarar samen med Nordland. Vestland har flest aktive lånarar med 20 prosent.
Folkebiblioteka i Møre og Romsdal har mange bøker, men er blant fylka som låner ut minst
I 2023 hadde folkebiblioteka i Møre og Romsdal ei boksamling på 953 523 bøker, og lånte ut 539 025 bøker. Det tyder at 414 498 bøker ikkje vart lånt ut, og stod på hylla gjennom heile året. Folkebiblioteka i Møre og Romsdal er blant dei fylka med størst boksamling i landet med 3,6 bøker per innbyggar. Tilsvarande for landet utan Oslo er 2,7. Samtidig er folkebiblioteka i Møre og Romsdal blant dei med færrast førstegangsutlån per innbyggar, med 2,22 utlån per innbyggar. Tilsvarande for landet utan Oslo er 2,51.