Gratis ferje aukar mest
Totalt transporterte fylkesvegferjene i Møre og Romsdal 4 439 318 køyretøy i 2023, noko som er ein auke på om lag 4 prosent og rundt 170 000 fleire køyretøy enn i 2022. I snitt flytta ferjene over 12 100 køyretøy kvar dag i 2023. Det blei registrert over 230 000 fleire transporterte nullutsleppskøyretøy i 2023 enn 2022, som gir ein auke på heile 37 prosent. Del nullutsleppskøyretøy samla for året i 2023 var på over 19 prosent, mot i underkant av 15 prosent i 2022. Det er forventa at trenden held seg vidare inn i 2024.
Dersom ein føreset at privat- og næringstrafikk kan skiljast som køyretøy under og over 6 meter lengde (privattrafikken under 6 meter, næringstrafikken over 6 meter lengde), kjem det fram at næringstrafikken årleg utgjer 11 prosent av totale køyretøy. Dette er same del som for 2022 og i 2019 før korona.
Etter vedtak frå regjeringa blei 7 fylkesvegsamband i Møre og Romsdal gratis frå og med 1. juli 2022. Dette var alle mindre samband som hadde under 100 000 passasjerar årleg i 2019. Unntaket var rute 1066 Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøya, kor strekninga Larsnes-Åram ikkje vart gratis. Frå og med 16. august 2023 vart ordninga utvida til å gjelde samband til øyar og samfunn utan veg til fastlandet. Dette medførte at ytterlegare 4 fylkesvegsamband i Møre og Romsdal vart gratis. I Figur 2 er årlege køyretøy i gratissambanda inndelt i to grupper etter når dei vart gratis, og dei sambanda som framleis har betaling er samla i gruppa betalingssamband.
For sambanda som vart gratis 1. juli 2022 auka den samla trafikken for dei neste 12 månadene med 23 prosent, samanlikna med dei 12 føregåande månadane. Til samanlikning auka trafikken for betalingssambanda berre med 2 prosent i same periode.
Når det gjelder sambanda som blei gratis 16. august 2023, auka trafikken med 11 prosent dei 4 resterande månadane i 2023, samanlikna med dei 4 siste månadane i 2022. Betalingssambanda auka berre med 1 prosent for same periode.
Gratis ferjer aukar etterspørselen, men kan også vere utfordrande økonomisk sett. For å lese meir om ferjeøkonomi, sjå rapporten Kunnskapsgrunnlag om inntektsutviklinga i kollektivmarknaden 2019-2024 frå sak 24/29 i Samferdselsutvalet 5. juni 2024.