Møre og Romsdal ein fredeleg «plett»
Møre og Romsdal var i 2023 det fylket i landet som hadde færrast melde lovbrot per 1 000 innbyggar. I fylket var det 39,2 melde lovbrot per 1 000 innbyggar, til samanlikning var det nasjonale snittet på 58,1 lovbrot per 1 000 innbyggar. Oslo skil seg ut i statistikken med heile 98,7 melde lovbrot. Nest etter Oslo er det Agder som i 2023 hadde flest lovbrot med 65,5 melde lovbrot per 1 000 innbyggar.
Talet på melde lovbrot gjekk ned både i Møre og Romsdal og i resten av landet i åra fram mot 2021, etter dette har talet melde lovbrot gått opp igjen. I 2003 var det nasjonalt 91,0 melde lovbrot per 1 000 innbyggar, noko som er redusert til 58,1 i 2023. I same periode har talet på melde lovbrot i Møre og Romsdal gått ned frå 48,1 i 2003 til 39,2 i 2023.
Flest lovbrot i Kristiansund
Kristiansund hadde flest melde lovbrot i 2022-2023 (toårs gjennomsnitt) med 52,4 melde lovbrot per 1 000 innbyggar. Nest øvst på lista over kommunane kjem Ålesund og Rauma med 45,7 og 45,1 lovbrot. I desse åra var snittet for fylket 37,0 lovbrot per 1 000 innbyggar, mens det nasjonalt i same periode vart meldt 56,1 lovbrot per 1 000 innbyggar. I Aure var det berre 19,8 lovbrot per 1 000 innbyggar i 2022-2023.
Auke i talet lovbrot i 2023
Frå 2022 til 2023 auka talet lovbrot i fleire kategoriar i Møre og Romsdal. Melde eigedomstjuveri auka frå 1 626 melde lovbrot i 2022 til 2 139 i 2023, ein auke på 31,5 prosent. Melde lovbrot i kategorien anna vinningslovbrot auka mest i prosent, med ein vekst på 35,2 prosent frå 2022 til 2023. Etter den betydelege reduksjonen i denne typen melde lovbrot under pandemien er no nedgangen meir enn reversert, og nasjonalt må vi tilbake til 2015 for å finne eit år med fleire registrerte vinningslovbrot enn i 2023.
Det er òg ein auke i talet lovbrot i kategoriane vald og mishandling og seksuallovbrot, desse auka høvesvis med 7,5 prosent og 5,3 prosent frå 2022 til 2023 i Møre og Romsdal. Også nasjonalt er det ein auke i talet meldingar for vald, medan talet på melde seksuallovbrot er stabilt.