Ein kjønnsdelt arbeidsmarknad i fylket
Det er ei klar kjønnsdeling i arbeidsmarknaden i Møre og Romsdal. Spesielt gjer dette seg gjeldande i næringane industri og helse- og sosialtenester. I 4. kvartal 2023 arbeidde 39,2 prosent av alle sysselsette menn i Møre og Romsdal i industrien, til samanlikning arbeidde 10,1 prosent av alle sysselsette kvinner i denne næringa. I næringa helse- og sosialtenester er kvinnene i stort overtal, 39,5 prosent av sysselsette kvinner hadde i 4. kvartal 2023 sin jobb i denne næringa. Det er berre 7,4 prosent av sysselsette menn som har sitt daglege virke i helsesektoren. Menn er i overvekt i sørvisnæringa, 35,3 prosent av sysselsette menn jobbar i denne næring og 26,6 prosent av alle sysselsette kvinner. Kvinnene er i overvekt i undervisningsstillingar, mens menn er i stor overvekt i primærnæringane. I næringa jordbruk, skogbruk og fiske er andelen av sysselsette menn 6,5 prosent mot 1,5 prosent av sysselsette kvinner.
Langt fleire kvinner i midlertidige stillingar
Langt fleire kvinner enn menn er tilsett i midlertidige stillingar i Møre og Romsdal. Heile 10 036 kvinner er i 4. kvartal 2023 tilsett i midlertidige stillingar, til samanlikning er det 6 975 menn som er midlertidig tilsett. Når vi veit at det totalt er sysselsett om lag 9 000 fleire menn enn kvinner i fylket, er dette ein markant forskjell i tilknyting til arbeidslivet kjønna imellom. Delen kvinner i midlertidige stillingar er 16,9 prosent mot 10,9 prosent blant sysselsette menn. Størst andel midlertidige stillingar finn vi i Helse- og sosialtenestene, der 28,7 prosent av menn og 23,7 prosent av kvinnene går i midlertidige stillingar. Ikkje uventa er det mange som har midlertidige stillingar i overnatting- og serveringsverksemder. Delar av denne næringa har sesongsvingingar, som gjer at behovet for arbeidskraft vil variere etter sesongane.