1. Demografi

Befolkning og areal

Mest tettbudd i Kristiansund

I Møre og Romsdal er det i Kristiansund folk bur mest tettbygd. Der bur det 283 personar per km2, til samanlikning er snittet for fylket 20 personar per km2. I Fjord kommune bur det 2 personar per km2, så det er med andre ord ein stor variasjon i busettinga kommunane imellom. Snittet for heile landet er 18 personar per km2. Oslo er sjølvsagt i ei særstilling med heile 1 683 personar busett per km2. I Akershus og Vestfold bur det 133 og 123 personar per km2, mens det er minst fortetting i Finnmark og Troms der det bur 2 og 7 personar per km2.

For kommunar med store fjell og utmarksområde, gir nok busettinga i tettstadane eit betre bilete på korleis innbyggarane i kommunane bur.

Sentralisering innanfor kommune- og fylkesgrensene

Når vi tenker på sentralisering er det ofte flyttestraumane mot dei store byane vi tenker på, då særleg mot Oslo og det sentrale austlandsområdet. Ser vi utviklinga frå år 2000 fram til i dag, har busettinga blitt meir sentralisert i Møre og Romsdal òg. Busettinga sentraliserer seg i større grad i tettstadane. Det er SSB sin tettstadsdefinisjon som her er lagt til grunn. SSB reknar ein tettstad som ei samling hus der det bur minst 200 personar og der avstanden mellom husa normalt ikkje overstig 50 meter. I år 2000 budde 65,3 prosent av befolkninga i fylket i tettstadar, i 2023 har dette auka til 74,4 prosent. I 23 av kommunane i fylket er det i 2023 fleire busette i tettstadar enn kva som var tilfelle i år 2000. Same utvikling viser seg om vi ser heile landet under eitt. I år 2000 budde 75,8 prosent av befolkninga i Noreg i tettstadar, i 2023 hadde dette auka til 83,0 prosent.

Forrige tema:
Neste tema: