616 millionar til bedrifter i Møre og Romsdal
Innovasjon Norge bidrog med 7,1 milliardar kroner til næringslivet i Noreg i 2023. Dette er på same nivå som i 2022, og tildelingane har no stabilisert seg på eit normalnivå etter høge tildelingar under Covid19-pandemien. Tildelingane frå Innovasjon Norge er viktige for nærlingslivet og styrkar innovasjons- og omstillingsarbeidet i norsk næringsliv. Støtta frå Innovasjon Norge kjem i form av tilskot, lån eller garantiar. Til dømes innvilga Innovasjon Norge i overkant av 2 milliardar kroner i ulike formar for støtte til gründerar i 2023.
Verksemder i Møre og Romsdal fekk i 2023 tildelt 255 millionar kroner i tilskot, 25 millionar kroner i garantiar og 336 millionar kroner i lån. Dette fordelte seg på 222 tilskot, 16 garantiar og 29 lån. Med andre ord var det mange verksemder i Møre og Romsdal som fekk støtte frå Innovasjon Norge i 2023. Det er industriverksemder og verksemder innanfor fiske/oppdrett som har fått størst støtte med 181 millionar og 165 millionar kroner.
Auka forsking- og utviklingsaktivitet i fylket (FoU)
I 2022 brukte verksemder i Møre og Romsdal 1 596 millionar kroner i eigenutført forsking- og utviklingsarbeid (FoU), dette er ein oppgang frå 1 390 millionar i 2021. Den eigenutførte FoU-aktiviteten auka med 206 millionar eller 14,8 prosent frå 2021 til 2022. Kostnadane til innkjøp av FoU har gått ned frå 213 millionar kroner i 2021 til 166 millionar kroner i 2022.
Talet tilsette som er involvert i FOU-arbeid har gått ned frå 2 121 personar i 2021 til 1 905 personar i 2022. Samstundes har talet årsverk gått opp med 22 til 1 003 årsverk i 2022. Fleire av årsverka som arbeider med forsking- og utviklingsarbeid har no høgare grads utdanning/doktorgrad. I 2022 hadde 560 personar slik utdanningsbakgrunn mot 509 personar i 2021.