Lågast i landet på sysselsette med lang høgare utdanning
Det er i Møre og Romsdal og i Innlandet fylke delen av sysselsette med lang høgare utdanning (over 4 år) er lågast. I desse fylka har 8,4 prosent av alle sysselsette lang høgare utdanning. Oslo skil seg ut og er i ei særstilling, der 24,1 prosent av alle sysselsette har lang høgare utdanning. I snitt, om vi ser heile landet under eitt, har 13,9 prosent av alle sysselsette lang høgare utdanning. Snittet for landet er sjølvsagt sterkt påverka av utdanningsnivået i Oslo. Kva for arbeidsmarknad og kompetanse som blir etterspurt har sjølvsagt stor påverknad på utdanningsnivået i det enkelte fylket.
Det kan til dels vere store variasjon mellom arbeidsmarknadane i den enkelte kommune i fylket, som gjer at det er ulikt kva for kompetanse som blir etterspurt. Volda er den kommunen der høgast andel av dei sysselsette har lang høgare utdanning, med 12,7 prosent. Tett på følger Molde og Ålesund der 11,7 og 10,4 prosent av dei sysselsett har lang høgare utdanning. Til samanlikning er det i Sande og Smøla kommune 3,2 og 3,6 prosent av dei sysselsette som har lang høgare utdanning.
Fagarbeidaren er etterspurt
I industrifylket Møre og Romsdal, er etterspurnaden etter fagarbeidarar stort. I mange av næringane i fylket er det tilsette med utdanning frå vidaregåande opplæring som utgjer den største delen av arbeidsstokken. Til dømes var det i 4. kvartal 2023 over 60 prosent av dei tilsette i næringane transport og lagring, bygge- og anleggsverksemd og i bergverksdrift og utvinning, som hadde utdanning frå vidaregåande skole.
I næringa undervisning er det ikkje uventa at mange har høgare utdanning. I denne næringa har 56,7 prosent kortare høgare utdanning, mens 21,7 prosent har lang høgare utdanning.
Framleis er det i mange næringar ein høg andel tilsette med grunnskoleutdanning. I 4. kvartal 2023 var det i næringa overnattings- og serveringsverksemd, 48,5 prosent som hadde grunnskole som høgaste utdanning.