Vi må planlegge for at klimagassutsleppa skal kuttast heilt
Noreg har forplikta seg til å kutte minst 55 prosent av klimagassutsleppa innan 2030 samanlikna med 1990. For kommunar og fylkeskommunar bruker vi referanseåret 2009, då vi ikkje har gode fylkes- og kommunevise tal før dette. I Møre og Romsdal er utsleppa kutta med 7 prosent mellom 2009 og 2022. Det betyr at dei årlege kutta fram til 2030 må vere om lag like store som kuttet vi har tatt i perioden 2009-2022. Det største kuttet i tonn CO2-ekvivalentar er tatt i vegtrafikken, og det er overgangen til nullutsleppsbilar som står for brorparten av kuttet. Dette viser korleis nasjonale verkemiddel, for å kutte utsleppa frå biltrafikken, fører til endringar. Utsleppa frå sjøfart auka frå 2015 til 2022. For denne sektoren er det ikkje berekna utslepp frå før 2015. Utslepp frå råoljetankarar og cruiseskip har auka mest. Det største utsleppet i denne sektoren er likevel framleis frå passasjerbåtar og bilferjer. For meir informasjon om den enkelte kommune, sjå Miljødirektoratet si nettside Utslipp av klimagasser i Norges kommuner og fylker.
Noreg har eit lovfesta mål om å vere eit lågutsleppssamfunn i 2050, det betyr 90-95 prosent kutt i utsleppa samanlikna med 1990. I klimautvalet 2050 sin NOU 2023:25 Omstilling til lavutslipp – veivalg for klimapolitikken mot 2025, skriv dei at planar og avgjerdssystem må ta utgangspunkt i at Noreg skal vere eit lågutsleppssamfunn i 2050. Alle avgjerder som blir tatt i dag må baserast på målet om at så godt som alle klimagassutslepp i Noreg må vere fjerna for godt innan 2050. Det betyr at vi ikkje lenger kan tenke kva utslepp vi skal kutte, men kva små utslepp som kan få stå igjen. Rapporten peiker vidare på at alle ressursar er knappe og at ein gjennom omstillinga også må avgrense tap av natur. Det er ikkje nok ressursar på kloden til at vi kan fortsette å bruke ressursane frå naturen slik vi gjer i dag. Teknologiutvikling og nullutsleppsteknologi har heller ikkje potensiale til å kutte alle utsleppa.
Når vi skal bruke færre ressursar og sleppe ut mindre klimagassar må vi tenke systematisk. Tiltak for å unngå og avgrense aktivitet med utslepp skal ha høgast prioritet (til dømes planlegge og bygge samfunnet slik at ein unngår mest mogleg bilbruk). Når det ikkje er mogleg å unngå aktiviteten, må ein prøve å flytte aktiviteten (til dømes frå privatbil til tog). Berre aktivitetar som vi ikkje kan unngå og som ikkje kan flyttast kan bruke ressursar til forbetring (til dømes elbil). Denne framgangsmåten blir kalla UFF-rammeverket (unngå, flytte og forbetre).
Det er meir enn 25 år til 2050, men mange viktige avgjerder og vegval må takast før 2030. Omstilling tar tid og avgjerder tatt i dag kan legge til rette for ei gradvis og effektiv omstilling, eller gjere omstillinga vanskelegare på eit seinare tidspunkt. Derfor er dei vala vi tar no viktige, då dei legg føringar for korleis samfunnet vil vere i 2050.