3. Arbeidsmarknad

Arbeidsplassdekning

Arbeidsplassdekning er talet på arbeidsplassar (sysselsette etter arbeidsstad) i prosent avtalet på arbeidstakarar (sysselsette etter bustad) i eit område, til dømes ein kommune. Arbeidsplassdekning på over 100 prosent betyr at talet arbeidstakarar som arbeider i kommunen er større enn talet på arbeidstakarar som er busette i kommunen.

Åtte av kommunane i fylket har i 2023 over 100 prosent arbeidsplassdekning. Det er Molde kommune som har høgast arbeidsplassdekning, med 117,0 prosent. Ein kunne forvente at det er byane i fylket som har høgast dekning av arbeidsplassar, men i 2023 har Sunndal kommune klatra på lista og tatt andreplassen, med 107,9 prosent. Så følger Ålesund med 107,5 prosent. Merk at dette er tal for den samanslåtte kommunen, det er grunn til å vente at dekninga er større for Ålesund frå 2024. Kristiansund har ei arbeidsplassdekning på 98,4 prosent, altså eit lite underskot på 188 arbeidsplassar i forhold til talet på yrkesaktive somer busett i kommunen.

Kommunane Giske, Sula, Gjemnes og Hustadvika har alle låg arbeidsplassdekning. Dette er kommunar som ligg tett på dei tre største byane i fylket og mange pendlar inn til arbeidsmarknaden i byane. Giske og Sula har til dømes ei arbeidsplassdekning på 61,2 og 62,7 prosent, begge kommunane har ein liten nedgang dei siste to åra. Mange av dei yrkesaktive i desse kommunane er med andre ord avhengig av å pendle ut av kommunen på arbeid.

Totalt for Møre og Romsdal er det ei arbeidsplassdekning på 96,7 prosent. Det betyr at 4 525 personar som bur i fylket har arbeidet sitt ein annan stad i landet. Dette talet har endra seg lite dei siste ti åra.

Forrige tema:
Neste tema: