Utvikling av regionale kompetanseindikatorar
Fylkeskommunane har ansvaret for kompetansepolitikken i sitt fylke, og utvikling av eit betre kunnskapsgrunnlag om kompetansebehovet i regionen er ein viktig del av dette. Fylkeskommunane fekk støtte frå Kommunal- og distriktdepartementet for å utvikle indikatorar for kompetansepolitikken. Det vart arbeidd på tvers av fylka i ei nasjonal nettverksgruppe for kompetanse og i samarbeid med Panda analyse som er eit nasjonalt nettverk for statistikk og analyse. Det vart nedsett ei arbeidsgruppe som fekk i oppgåve å utvikle eit sett med kompetanseindikatorar. Målet er eit felles kunnskapsgrunnlag om kompetansebehovet i arbeidsmarknaden, som grunnlag for diskusjonar om behov og prioriteringar knytt til kompetanse i fylka. Dette vil gi betre innsikt i dei behova arbeidslivet i eige fylke har, både på kort og lengre sikt.
Næringslivet står ovanfor endringar, til dømes vil det grøne skiftet gi etterspørsel etter ny kompetanse. Eit godt indikatorsett er viktig for å gjere gode analysar av behov og utviklingstrekk, og vil vere til hjelp i forhold til dimensjoneringa av tilbodet i vidaregåande opplæring og fagskole, samt gi kunnskap som kan spelast inn til høgare utdanning. Målgrupper for arbeidet med kompetanseindikatorar er utdanningsinstitusjonar, politikarar og arbeidslivet i både offentleg og privat sektor. I samarbeid med Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir) er det no publisert ein digital plattform for desse indikatorane www.utdanning.no/rki.
Det er plukka ut 30 indikatorar innanfor temaa arbeidsstyrken, arbeidsmarknad, tilgang til formell kompetanse, behov for meir etter- og vidareutdanning og svak tilknyting til arbeidslivet. Den nasjonale samanstillinga av data som Hkdir har lagt til rette for, gjer det enkelt å samanlikne på tvers av fylka og landet som heile. Det kan vere nyttig over tid å sjå sitt eige fylke si utvikling i samanheng med utviklinga i andre fylke.
Nokre funn om Møre og Romsdal frå portalen på utdanning.no:
- Det fylket med lågast del av befolkninga i arbeidsaktuell alder (20-66 år)
- Det fylket med høgast del utanlandske lønnstakarar på midlertidig opphald (utan fast bustad)
- Det fylket som har høgast del av befolkninga som har fagskole som høgaste fullførte utdanning
- Nest høgast av fylka på formidla lærekontraktar
- Av fylka med høgast del sysselsette som deltek i formell utdanning og vidareutdanning, og også uformell utdanning