Auke i tal verksemder
Det var 30 458 aktive verksemder i Møre og Romsdal ved inngangen til 2024. Av desse var det 10 600 der det var registrert tilsette. 4 767 verksemder hadde 1-4 tilsette. Berre 28 verksemder hadde over 250 tilsette. Desse finn vi innan næringane Industri (10), Helse og sosial (6), Offentleg administrasjon og forsvar (4), Transport og lagring (3), Undervisning (2) og Finansiering og forsikring (1).
Frå 2009 er det størst auke i verksemder med 50-250 tilsette og i verksemder utan nokon tilsette. Tal verksemder med 1-9 tilsette har ikkje same auke, her har talet gått litt opp og ned i perioden. Det er innan næringane Jordbruk, skogbruk, fiske, Omsetning og drift av fast eigedom, Bygg og anleggsverksemd og Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting at vi finn flest verksemder utan tilsette.
Auken frå i fjor var på 307 verksemder, det utgjer ein vekst på 1,0 prosent. Landet hadde ein vekst på 1,5 prosent. Både i landet og i Møre og Romsdal var det sterkast vekst i verksemder innan Kultur, underhaldning og fritid. Veksten i fylket var på 8,0 prosent og på 8,9 prosent nasjonalt. I Møre og Romsdal utgjorde auken 88 verksemder. Det er også ein betydeleg auke innan næringa Informasjon og kommunikasjon, auken var 5,5 prosent i Møre og Romsdal og 5,1 prosent i Noreg.
Det er innan jordbruk, skogbruk og fiske at det er registrert flest verksemder, med 3 930 verksemder. Det er 270 færre verksemder enn i 2014 og 22 færre i løpet av siste året.
Møre og Romsdal har 4,6 prosent av verksemdene i Noreg, dette er ein litt lågare andel enn folketalet skulle tilseie (4,9 prosent av befolkninga). Det er særleg innan næringane Informasjon og kommunikasjon og Kultur, underhaldning og fritid at Møre og Romsdal har relativt få verksemder. Motsett har fylket relativt mange verksemder innan næringane Bergverksdrift og utvinning, Industri og Vassforsyning, avløp og renovasjon.