8. Kultur

Idrettsindeksen

Kommunale utgifter til idrett og idrettsanlegg er lågast i Møre og Romsdal

Kommunane i Møre og Romsdal bruker minst pengar på idrett og kommunale idrettsanlegg i landet. Dette er synleggjort gjennom KOSTRA-tal frå 2023 som viser netto driftsutgifter per innbyggar til idrett og idrettsanlegg (sjå figur). Om vi ser på same oversikt dei tre siste åra så er Møre og Romsdal enten sist (i 2021) eller nest sist (i 2022).

I gjennomsnitt brukte kommunane i Møre og Romsdal 705 kroner på idrett i 2023. Dette var fordelt på 572 kroner til kommunale idrettsanlegg, og 133 kroner til idrett elles. I beløpet til idrett ligg det også støtte til idrettsanlegg eigd av andre enn kommunen. Til samanlikning brukte Rogaland mest med 1 409 kroner, fordelt på 943 kroner til kommunale idrettsanlegg og 467 kroner til idrett elles. Gjennomsnittet for landet var på 1 116 kroner.

Kommunale utgifter til idrett og idrettsanlegg har auka med 71 prosent i Norge i perioden 2015-2023. Det gir ein prosentvis auke på 6,9 i snitt kvart år. Veksten har vore størst for idrettsanlegg. I Møre og Romsdal er tilsvarande tal høvesvis 36,6 prosent og 4 prosent. Det er spesielt knytt til kommunale idrettsanlegg at kommunane i fylket har lågare utgifter enn gjennomsnittet for landet.

I Møre og Romsdal eig det offentlege 44 prosent av alle registrerte anlegg. Idretten eig sjølv 27 prosent, og 30 prosent er eigd av andre (sjå figur ). Det plasserer Møre og Romsdal på ein delt tiandeplass mellom dei 15 fylka i landet. Gjennomsnittet for landet er at det offentlege eig 49 prosent av anlegga, idretten 30 prosent, og andre 21 prosent. Det er og laga ein figur som viser fordelinga av eigarskap i kommunane i Møre og Romsdal. Aure og Herøy har høgast del offentleg eigarskap (71 prosent). Lågast del offentleg eigarskap er det i Surnadal og Sykkylven (30 prosent).

Forrige tema:
Neste tema: