8. Kultur

Ung Kultur Møtast (UKM)

UKM heile året i Møre og Romsdal

UKM (Ung kultur møtast) er eit viktig verkemiddel i den nasjonale kulturpolitikken for barn og unge. Det er fleire viktige effektar ved å jobbe med UKM:

  • Synleggjering av ungdomskultur
  • Utvikling av unge utøvarar, arrangørar og publikum
  • Inspirasjon, glede, meistring og å hindre utanforskap
  • Inkludering, likestilling og mangfald
  • Nettverk, kunnskap og kompetanse

UKM Norge har ei stimuleringsordning i UKM der kommunane i heile Norge kan søke midlar. Etter Covid-19 var det få kommunar som arrangerte UKM, men no viser tal frå stimuleringsmidlane at aktiviteten i Møre og Romsdal er på veg opp. Arrangementa frå Møre og Romsdal som søker støtte har ei breidde i både tema og tidspunkt for gjennomføring, noko som viser at UKM-arrangement i Møre og Romsdal skjer heile året. Mellom anna kan ein sjå at fleire søker midlar for å ha arrangement i skolen si sommarferie. I 2023 vart det mellom anna søkt midlar til danseworkshop, science opera, sommarskole, ferieaktivitet, data-lan, gitarverkstad, bandjam og workshopdag. Tal frå UKM Norge viser at UKM-aktiviteten i Møre og Romsdal har auka jamt etter Covid-19. Sjå meir i figuren som viser kor mange av stimuleringsmidlane til UKM Norge som er fordelt til kommunane i Møre og Romsdal frå 2020 til 2023.

Fylkesfestivalen i Møre og Romsdal 2023

Møre og Romsdal fylkesfestival i UKM vart arrangert i Herøy og Sande kommunar i oktober 2023. Til saman var det 190 påmeldte til festivalen og 117 innslag på scena. 19 kommunar sendte ungdom til fylkesfestivalen. Her kan då sjå i figuren som er laga korleis fordeling av deltakarar var etter kva slags sjanger dei var meldt på i. Det er ei tydeleg overvekt av ungdom som vil vise fram musikk, med dans som ein god nummer to på scena. Det er også mange som vil vere arrangørar på fylkesfestival, anten på lyd og lys, scenearbeid eller som artistvertar.

Forrige tema:
Neste tema: