4. Sysselsetting og næringsliv

Havbruk og fiskeri

Auke i fangst av pelagisk fisk og bruskfisk

Fartøy frå Møre og Romsdal hadde ein auke i fangsten i 2023 samanlikna med 2022. Totalt vart det i 2023 fanga 540 661 tonn fisk, ein auke på 9 243 tonn frå 2022. Det er auken i fangsten av pelagisk fisk (makrell, sild, lodde og komule) som er hovudårsaken til denne auken. I 2023 auka fangsten av pelagisk fisk med 22 293 tonn målt mot 2022. Av dei andre artane var det berre bruskfisk (haifisk, skater, rokker og havmus) som hadde ein auke i fangsten frå 2022 til 2023. Det vart i 2023 fiska 744 tonn bruskfisk, ein auke på 184 tonn frå 2022. Fangsten av torsk og torskeartar fisk gjekk ned med -4 288 tonn frå 2022 til 2023.

Ein liten auke i talet på fiskarar i fylket

I 2023 var det var totalt 2 263 fiskarar i fylket. Av dette var det 2 150 som hadde det som hovudyrke, mens det var 113 som hadde dette som bigeskjeft. Det er flest menn som er fiskarar, av dei som hadde dette som hovudyrke var det 2 043 menn og 107 kvinner. Det totale talet fiskarar i fylket auka frå 2 211 fiskarar i 2022 til 2 263 fiskarar i 2023, ein auke på 2,4 prosent. Det er berre Troms/Finnmark og Nordland som kan skilte med fleire fiskarar med 2 699 og 2 317 fiskarar.

Stor produksjonsauke i akvakulturnæringa

Akvakulturnæringa har dei siste tiåra vakse fram som ei særs viktig næring i Noreg. Langs kysten har dette gitt nye arbeidsplassar og verdiar har blitt skapt. Næringa hadde eit godt år i 2023, i Møre og Romsdal vart det produsert heile 222 323 tonn matfisk, ein oppgang på 100 364 tonn frå 2022. Dette gir ein vekst på 82,3 prosent frå 2022 til 2023.

Ser vi heile landet under eitt, fall produksjonen frå 2022 til 2023 med -39 909 tonn matfisk. Trass nedgangen nasjonalt i talet tonn som vart produsert av matfisk, steig inntektene. Frå 2022 til 2023, steig verdien av fisken frå 108,2 milliardar kroner i 2022 til 112,8 milliardar kroner i 2023, ein oppgang på 4,2 prosent. Salsverdien av den produserte matfisken i Møre og Romsdal var i overkant av 15 milliardar kroner i 2023, ein auke på 6,9 milliardar frå 2022.

Forrige tema:
Neste tema: