Framleis låg ledigheit i fylket
Ved utgangen av august 2024 var 1,7 prosent av arbeidsstyrken heilt ledige i fylket. Det er berre i Nordland og Troms at delen heilt ledige er mindre enn i Møre og Romdal. I Nordland var 1,5 prosent av arbeidsstyrken heilt ledige i august 2024, mens 1,3 prosent av arbeidsstyrken var heilt ledige i Troms. Det var Østfold som hadde høgast del av arbeidsstyrken heilt ledige med 2,8 prosent.
I perioden januar til august 2024 gjekk delen heilt ledige ned i 16 av kommunane i Møre og Romsdal. Arbeidsmarknaden i fylket har med andre ord vorte strammare i løpet av dei første 8 månadene i 2024. Ser vi heile fylket under eitt gjekk delen heilt ledige ned frå 1,9 prosent i januar 2024 til 1,7 prosent i august 2024. Det var i Aukra kommune delen heilt ledige var lågast, der var 0,8 prosent av arbeidsstyrken heilt ledige i august 2024.
Auka sjukefråvær
Det legemeldte sjukefråværet har stige både i Møre og Romsdal og i landet dei siste åra. I 2. kvartal 2018 hadde 5,0 prosent av alle lønsmottakarar i fylket legemeldt sjukefråvær. Dette har auka til 5,9 prosent i 2. kvartal 2024, ein auke på 0,9 prosentpoeng. Til samanlikning har det legemeldte sjukefråværet i landet auka frå 4,7 prosent i 2. kvartal 2018 til 5,9 prosent i 2. kvartal 2024. Det har med andre ord vore ein sterkare vekst i sjukefråværet nasjonalt dei seinare åra enn i Møre og Romsdal. Det var i Østfold størst del av lønnsmottakarane i 2. kvartal 2024 hadde legemeldt sjukefråvær, med 6,8 prosent.
Det siste året har det i fleire av kommunane i fylket vore ein sterk vekst i det legemeldte sjukefråværet. Frå 2. kvartal 2023 til 2. kvartal 2024 steig det legemeldte sjukefråværet i Gjemnes med 31,9 prosent. Størst nedgang i det legemeldte sjukefråværet denne perioden var det i Sande, med ein nedgang på -12,5 prosent.
Det høgaste legemeldte sjukefråværet 2. kvartal 2024 er det blant lønsmottakarar busett i Vanylven kommune, med 7,7 prosent. Deretter kjem lønsmottakarar frå Sykkylven kommune med 7,1 prosent. Lågast legemeldt sjukefråvær var det for lønsmottakarar frå Sunndal kommune med 4,3 prosent.