1. Demografi

Fødslar og fruktbarheit

Dei særs låge fødselstala held fram

Det var i 2022 historisk låge fødselstal i fylket med berre 2 336 fødde barn. I 2023 vart det fødd 2 343 barn i fylket, ein auke på marginale 7 barn samanlikna med 2022. Fødselsoverskotet viser forholdet mellom fødde og døde kvar år. I 2022 var det for første gong i moderne tid fødselsunderskot i fylket med -115 personar. For 2023 viser tala eit fødselsoverskot på 4 personar. Ser vi landet under eitt auka fødselsoverskotet frå 5 706 personar i 2022 til 8 177 personar i 2023. Nasjonalt auka talet på fødde barn frå 51 480 i 2022 til 51 980 barn i 2023, ein vekst på 500 barnefødslar.

Etter høge dødstal i 2022 var det ein nedgang i talet på døde i 2023, noko som var avgjerande for at det blei eit fødselsoverskot i fylket. Talet på døde var i 2023 på 2 339 personar, ein nedgang på 122 dødsfall frå 2022. Dei nasjonale dødstala viser den same trenden, med ein nedgang frå 45 774 døde i 2022 til 43 803 i 2023.

Det var fødselsunderskot i 17 av kommunane i fylket i 2023. I tal personar var det størst fødselsunderskot i Sunndal med -35 personar.

Fruktbarheitstalet ned også i 2023

Fruktbarheitstalet var i Møre og Romsdal 1,50 i 2023 mot 1,51 i 2022, det er med andre ord ein marginal nedgang i fruktbarheita. Fruktbarheitstalet viser i snitt kor mange barn kvinner føder i løpet av livet. Det var berre fylka Rogaland og Nordland som i 2023 hadde eit betre fruktbarheitstal med 1,57 og 1,51. Fruktbarheitstalet har blitt lågare dei seinare åra, som følge av lågare fødselstal. I 2023 var snittet for landet 1,40, mens lågast fruktbarheit var det i Oslo med eit fruktbarheitstal på 1,25.

Ein marginal auke i kvinner sin fødealder

Fødealderen for kvinner har over tid auka. I 2023 var den gjennomsnittlege fødealderen for kvinner i Møre og Romsdal 31,3 år, ei endring frå 31,2 år i 2022. I år 2000 var fødealderen til kvinner i Møre og Romsdal i snitt 29,2 år. På knappe 25 år har fødealderen for kvinner i fylket auka med 2,1 år.

I 2023 er gjennomsnittsalderen nasjonalt for førstegongsfødande kvinner 30,3 år, mens menn er i snitt 32,3 år når dei blir far for første gong. Desse tala er ikkje tilgjengeleg på fylkesnivå.

Forrige tema:
Neste tema: