Svak vekst i folketalet dei neste 15 åra
SSB utarbeider annakvart år nye befolkningsframskrivingar, sist i juni 2024. For Møre og Romsdal viser dei nye prognosane ein svak vekst i folketalet dei neste 15 åra. I 2039 vil folketalet i Møre og Romsdal, i følge SSB, vere på 278 420 personar, ein auke i folketalet på 7 796 personar eller 2,9 prosent. Veksten er svakare enn snittet for landet, som i same periode vil auke med 7,6 prosent.
Endringane i befolkningssamansettinga forsterkar seg i åra som kjem
Det har dei siste tiåra vore ein nedgang i talet barn og unge i fylket. I perioden 2004-2024 gjekk talet på barn og unge i alderen 0-19 år, ned med –3 419 personar. Framskrivingane til SSB viser at nedgangen i talet barn og unge vil halde fram dei neste 15 åra. Frå 2024-2039 vil talet på barn og unge, i følge prognosane til SSB, ytterlegare bli redusert med -5 174 personar. I 2027 vil talet på eldre over 65 år for første gong i fylket passere talet på barn og unge i alderen 0-19 år.
Samtidig med reduksjonen i talet på barn og unge aukar talet på eldre mykje dei neste tiåra. Talet på eldre over 80 år vil fram mot 2039 auke med 76,2 prosent i Møre og Romsdal. Det gir ein auke i denne aldersgruppa på 10 987 personar. Nasjonalt aukar gruppa eldre over 80 år med 76,6 prosent eller 196 392 personar i same periode.
Forholdet mellom talet på personar i yrkesaktiv alder (20-64 år) og eldre over 65 år vil endre seg mykje, noko den sterke veksten i talet på eldre er hovudårsaka til. I 2010 var det i Møre og Romsdal 3,5 personar i yrkesaktiv alder per eldre over 65 år, i 2040 er dette redusert til 2 personar. Dette vil i stor grad påverke samfunnet og korleis vi i framtida skal løyse viktige oppgåver.
Nye framskrivingar av folketalet
SSB lagar annakvart år nye framskrivingar av folketalet i Noreg. Resultata frå framskrivingsmodellen viser kva som skjer dersom alt hovudsakleg held fram slik som før. Det betyr at befolkninga følger dei demografiske trendane SSB har observert den siste tida. Dette betyr at SSB ikkje tar direkte omsyn til framtidige planar som infrastrukturprosjekt og bustadbygging.
Framskrivingane er viktige i den langsiktige planlegginga på alle forvaltningsnivå og for næringslivet. Dei er til dømes viktige for å kunne dimensjonere vare- og tenesteproduksjonen på eit riktig nivå. Framskrivingane bygger på demografiske føresetnader som fruktbarheit, dødelegheit, innanlandsflytting og prognosar for nettoinnvandringa framover.
Framskrivingane har sidan 2012 nedskrive prognosane for veksten i folketalet i Møre og Romsdal. I følge framskrivingane frå 2012 skulle folketalet i fylket bli 314 444 personar i 2040. I framskrivingane frå 2022 var dette justert ned til 274 343. Dette skuldast ein reduksjon i talet på fødslar, fleire døde og redusert innvandring i denne perioden. I framskrivingane i 2024 ser vi at folketalet vil auke litt igjen fram mot 2040. SSB meiner at folketalet i fylket vil ha nådd 278 653 i 2040, mot 274 343 i 2022-framskrivinga. Det er i hovudsak innvandringa frå Ukraina som gjer at prognosane no er meir positive igjen.
Kvinner lever lengst i Haram
I følge framskrivingane til SSB er det kvinner i Haram som vil leve lengst. Kvinner født i 2024 vil i Haram bli i snitt 86,6 år. Lågast levealder for kvinner er det i Sande, der kvinner født i 2024 blir 83,5 år. For menn født i 2024 vil dei som er busette i Sande kommune leve lengst, dei vil bli 83,8 år. Levealderen vil auke i tiåra som kjem, til dømes vil kvinner født i Haram i 2039, bli 88,5 år.
Noe om fylket, ev. sammenlikning med de andre fylkene? Vil vi leve lengst i Møre og Romsdal?