Nedgang i nyetableringar i 2023
I 2023 var det registrert 2 791 nye føretak i Møre og Romsdal. Dette er ein nedgang i tal på nyetableringar med -7,3 prosent. 10 av kommunane hadde større nedgang i nyetableringar enn landsgjennomsnittet. Tingvoll, Gjemnes, Aure og Volda hadde størst prosent nedgang samanlikna med året før. I 11 av kommunane hadde ingen nedgang eller auke i nyetableringar.
Flest etableringar i dei største byane
Heile 1347 eller 48,3 prosent av dei nye føretaka i fylket vart etablert i Ålesund, Molde og Kristiansund. Etter dei største byane var det flest nyetableringar i Ørsta (123), Hustadvika(119), Volda(116) og Ulstein (106).
Høg overleving
Av nyetablerte føretak etablert i 2017 er 39,2 prosent framleis i drift etter 5 år. Det er 2,3 prosent høgare enn landsgjennomsnittet. Finnmark har høgast overleving med 46,6 prosent. 18 av kommunane i Møre og Romsdal har høgare overleving enn landsgjennomsnittet. Høgast overleving nyetablerte føretak etablert i 2017 har Tingvoll med 53, 8 prosent.
I bykommunane er det høgast overleving nyetablerte føretak i Ålesund med 40,3 prosent. Molde har 37,4 prosent og Kristiansund har 34,0 prosent.
Flest føretak innan teknisk tenesteyting
Flest føretak vart etablert innan tekniske tenester. Det vart etablert 518 nye føretak som er ei auke på 80 nye føretak frå året før. Bygg- og anlegg utgjer og ein stor del av nye føretak. 292 nye føretak vart etablert i 2023. Det er ei auke på 14 prosent frå året før.
Størst prosentvis vekst nye føretak har informasjon og kommunikasjon med ei auke på 39,0 prosent frå året før. Forretningsmessig tenesteyting har ei auke på 18 prosent, og kulturell verksemd, inkludert underhaldning og fritidsaktivitetar har ei auke på 15 prosent.