Besøkstal
I 2023 var endeleg unntakstilstandane som Covid-19 pandemien førte med seg over og vi fekk eit normalår igjen. Det var framleis nokre restriksjonar i starten av 2022, som gjer det mest rett og samanlikne tala for heile året under eitt med 2019-tala når vi skal sjå på utviklinga i reiselivsnæringa.
Vi kan stadfeste at vi i 2023 var tilbake på 2019-nivå og vel så det. Møre og Romsdal hadde i 2023 totalt 1 742 004 kommersielle overnattingar (hotell, campingplassar, hyttegrender og vandreheimar). Same tal for 2019 var 1 645 022. Dette inneber ein auke på 5,9 prosent frå 2019 til 2023. Norske besøkande utgjer 65 prosent (1 131 628) av gjestedøgna for 2023 som er ein auke på 10,8 prosent frå 2019. Vi er ikkje heilt oppe på same nivå for internasjonale gjestedøgn der det er ein nedgang frå 2019 på 2,1 prosent.
Ser vi derimot på tala for perioden januar – juli 2024 samanlikna med same periode i 2023, så har dette bilete endra seg. I denne perioden i 2024 hadde vi besøk av totalt 419 953 internasjonale gjestar medan det same talet i same periode i 2023 var 377 630. Dette inneber ein auke i denne perioden på 11,2 prosent.
Tyskland er framleis den viktigaste marknaden for fylket. I 2023 innebar dette 206 229 gjestedøgn. Elles er Nederland (62 294), Sverige (51 027) og USA (43 080) viktige marknadar for oss.
Verdiskaping
Verdiskapinga i reiselivet i Norge aukar og er i 2022 tilbake på same nivå som før pandemien. Samla verdiskaping for reiselivsnæringa i Noreg var på heile 89,2 milliardar kroner i 2022.
I Møre og Romsdal hadde reiselivsnæringa i 2022 ei verdiskaping på totalt 2,6 milliardar kroner. Transportsektoren hadde den største verdiskapinga med 774 millionar kroner, tett etterfølgd av serveringssektoren som hadde ei verdiskapinga på 773 millionar kroner og overnattingssektoren som hadde ei verdiskaping på 604 millionar kroner. Samla verdiskaping for alle segmenta var i 2019 2,3 milliardar kroner.
Vestland hadde i 2022 ei verdiskaping på i underkant av 11 milliardar kroner og Rogaland ei verdiskaping på 7,7 milliardar kroner. Marknadsføring av Vestlandet internasjonalt skjer gjennom vårt felles landsdelselskap Fjord Norge AS.