5. Forsking og utvikling

Skattefunn

Nedgang i talet på prosjekt med støtte frå Skattefunn-ordninga

Skattefunn er ei skattefrådragsordning for norske bedrifter. Bedrifter kan søke skattefrådrag for 19 prosent av kostnadene til forskings- og utviklingsprosjekt. Ordninga er administrert av Forskningsrådet i samarbeid med Skatteetaten. Bedriftene som kan søke må vere registrert i Brønnøysundregisteret og vere skattepliktige til Noreg. I 2023 vart det tildelt støtte til 223 prosjekt i Møre og Romsdal gjennom Skattefunn-ordninga. Bedrifter i fylket vart gjennom ordninga tilført 179 millionar kroner i 2023 til forskings- og utviklingsprosjekt. Det var ein nedgang frå 261 prosjekt i 2022, ein nedgang på 14,5 prosent. Det har vore ein nedgang i talet på prosjekt som har fått støtte dei siste 5 åra, i 2019 var det 399 prosjekt i fylket som fekk støtte frå ordninga.

Ser vi heile landet under eitt, fekk norske bedrifter tilført 4,6 milliardar kroner gjennom Skattefunn-ordninga i 2023. Dette er same beløpet som vart tildelt gjennom ordninga i 2022. Talet på prosjekt som fekk tildelt støtte gjekk på landsbasis ned frå 5 471 prosjekt i 2022 til 4 747 prosjekt i 2023, ein nedgang på 13,2 prosent. Bedrifter i Oslo fekk tildelt nær 1,5 milliardar kroner frå ordninga, til 1 303 ulike prosjekt. Til samanlikning fekk bedrifter i Finnmark tildelt 15,3 millionar til 18 prosjekt. Stor forskjell i talet busette og i talet bedrifter i ulike delar av Noreg er nok svært avgjerande for kor mange prosjekt det blir søkt og gitt støtte til.

Forrige tema:
Neste tema: