16. Samferdsel

Vedlikehald, drenering

Stikkrennene  - svært viktige for sikker framkome

Når det regner, skal stikkrennene sørge for at regnvatnet ikkje legg seg i vegbanen fordi vassplaning er ein fare for bilistane. Ved vassplaning flyt bildekket på ein tynn film av vatn, og sjåføren mister styring og bremsar. Stikkrennene er lagt under vegbanen med fall, slik at vatnet renn av seg sjølv. Plassering av stikkrenner er gjort etter nøye vurderingar av kor dei gjer størst nytte. Stikkrennene er ikkje synlege for trafikantane når dei ferdast langs vegen.

Det er nesten 42 000 stikkrenner på fylkesvegnettet i Møre og Romsdal. Fylkesvegnettet vårt har ei lengde på ca. 3000 km. Det er dermed i gjennomsnitt ca. ei stikkrenne kvar 70. meter fylkesveg i Møre og Romsdal.

Drift av stikkrenner er ei av mange oppgåver hos entreprenøren som har vedlikehaldskontrakt med fylkeskommunen. Entreprenøren skal halde vassvegar (inkludert stikkrenner) opne og fjerne greiner, grus og sand mv. ved behov.

Reinsk av inn- og utløpet til stikkrenner vert utført ein gong i året, men oftare ved behov. Reinsk av torvkantar og grøfter blir gjort kvart femte år, eller oftare ved behov. Tidlegare vart reinsk av grøft og stikkrenner gjort sjeldnare, som regel ein gong kvart tiande år.

Eit endra klima fører til hyppigare episodar med kraftig nedbør i Møre og Romsdal, og til eit behov for å auke dimensjonen på mange stikkrenner. Fylkeskommunen skifta ut 150 stikkrenner i 2023, og nær to tredel av desse var på Sunnmøre. Dimensjonen er auka for nesten alle desse stikkrennene.

Det blei skifta ut litt færre stikkrenner i 2023 enn i 2022. Med eit utskiftingstempo på 150 nye stikkrenner per år vil det ta 280 år å erstatte alle stikkrennene på fylkesvegnettet i Møre og Romsdal.

Forventa levetid for ei stikkrenne er 70 år. Det er behov for å skifte ut ca. 600 stikkrenner på fylkesvegnettet vårt kvart år.  

Indikatorar for stikkrenner på fylkesveg:

  • tal på utskifting av stikkrenner på fylkesvegnettet i Møre og Romsdal i 2023: 150 stk
Forrige tema:
Neste tema: