Økonomiske utfordringar i kommuneøkonomien
Vi står ovanfor store utfordringar i åra som kjem. Kommunane har ansvar for å løyse viktige oppgåver. Kommuneøkonomien blir trongare, og når utfordringane er store, blir dei politiske prioriteringane vanskelegare og viktigare.
Etter fleire år med gode netto driftsresultat, bidrog mellom anna kraftig renteauke og høgare kostnadsnivå til at det i 2023 var mange kommunar som hadde negative driftsresultat.
Svake driftsresultat og høg gjeld
Netto driftsresultat er hovudindikatoren på den økonomiske situasjonen i kommunane. Netto driftsresultat er resultatet etter at alle drifts- og finansutgifter er betalt. Det er tilrådd at netto driftsresultat for kommunesektoren minst bør vere på 1,75 prosent av brutto driftsinntekt over tid for at formuesbevaringsprinsippet skal bli teken i vare. Dette prinsippet inneber at ein kommune si samla formue, realkapital og finansielle fordringar, med frådrag av gjeld, ikkje skal reduserast over tid.
Det er berre sju av kommunane som har eit netto driftsresultat som ligg over det anbefalte nivået på 1,75 prosent i 2023. 14 av kommunane har eit negativt netto driftsresultat. Dette viser at dei fleste av kommunane har eit kostnadsnivå som er for høgt i høve inntektene. Kommunar som har hatt negativt driftsresultat over fleire år, må ta grep og arbeide for å bringe økonomien i balanse.
Disposisjonsfondet er kommunen sine «sparepengar». Det er tilrådd å ha eit disposisjonsfond på minst 5-10 prosent av brutto driftsinntekt. Dette gir kommunen handlingsrom til å handtere svingingar i økonomien, og som kan nyttast til både drifts- og investeringsføremål og skal brukast om kommunerekneskapen viser meirforbruk. Det er tydeleg å sjå at fleire kommunar har balansert ein vanskeleg økonomisk situasjon med tidlegare oppsparte midlar.
Netto lånegjeld i prosent av brutto driftsinntekt er ein annan sentral indikator på den økonomiske tilstanden i kommunen. Netto lånegjeld blir brukt som mål på kommunen si gjeld knytt til tenesteytinga. Dei siste åra har den kommunale gjeldsgraden auka på landsbasis til 93 prosent i 2023. Til samanlikning er gjeldsgraden i Møre og Romsdal svært høg og snittet ligg på 110,7 prosent.
Renteeksponert gjeld er den delen av kommunen si gjeld som blir direkte påverka av endringar i rentenivået. Med stigande renter, er det stadig meir av driftsbudsjettet som må gå til å dekke rentekostnadane.
Svake driftsresultat, høg gjeldsgrad og bruk av disposisjonsfond gjer at mange av kommunane i Møre og Romsdal må ta grep for å oppnå balanse i budsjett og rekneskap framover. Det er grunn til å tru at fleire kommunar kjemt på ROBEK i tida som kjem, om ikkje grep blir tatt no.