Friluftslivsfolk organiserer seg mest i Rauma
Dei fire største fylkesdekkande friluftslivsorganisasjonane i Møre og Romsdal er Den Norske Turistforening (DNT), Norges Jeger- og Fiskerforbund (NJFF), Speidarane (Norges Speiderforbund og KFUK-KFUM Speiderne) og 4H. Alle desse bortsett frå KFUK-KFUM speidarane fekk driftstilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune i 2024. DNT fekk 487 650 kroner, NJFF fekk 162 550 kroner, speidarkretsane for Noregs Speidarforbund fekk 43 347 kroner og 4H fekk 123 538 kroner.
I 2023 hadde desse organisasjonane til saman 19 631 medlemar i Møre og Romsdal. DNT er den klart største organisasjonen med sine 12 942 medlemar, etterfølgt av NJFF med 4582 medlemar og speidarane med 1 421 medlemar. Kommunane med flest medlemar i friluftslivsorganisasjonane er Ålesund (4632), Molde (3161) og Kristiansund (1550), men ser vi på medlemstal opp mot folketal, er det Rauma (13%), Aure (11,8%) og Fjord (11,3%) som kjem best ut.
Alle kommunar har medlemar i to eller fleire friluftslivsorganisasjonar. I 15 av kommunane er alle friluftslivsorganisasjonane representert. DNT har medlemmar i alle kommunar i Møre og Romsdal bortsett frå Haram og Sula, medan NJFF har medlemmar i 23, Speidarane i 20 og 4H i 23 av kommunane.
Norsk Idrettsindeks, Telemarksforskning 2023.