Vi når dei fleste, men får stadig fleire
Møre og Romsdal skal ha ei tannhelseteneste med god kvalitet, pasienttryggleik og høg kompetanse, som gir prioriterte grupper god tannhelse.
Dekningsgraden er eit utrykk for delen av dei med rettar etter tannhelselova som er under tilsyn og behandling. I 2023 har vi behandla fleire barn og unge, og eldre og uføre enn året før. For gruppa unge vaksne 19 - 20 år er det ein nedgang, samt ein mindre nedgang for psykisk utviklingshemma over 18 år. Dette må sjåast i samanheng med at tannhelsetenesta har fått ei ny pasientgruppe unge vaksne 21 - 24 år, som skal ha eit tilbod i tenesta. I 2022 - 2023 har det også vore ein markant auke på flyktningar tilhøyrande grupper med rettar i tenesta, som også skal ha eit tannhelsetilbod. I tillegg aukar delen eldre med meir omfattande og kompliserte behandlingsbehov. Dette samla kan forklare ein nedgang i dekningsgrad for enkelte av gruppene. Ved utgangen av 2023 er bemanninga styrka med tre team for å auke kapasiteten.