4. Sysselsetting og næringsliv

Verdiskaping

Møre og Romsdal har landets høgaste verdiskapingsvekst

I følgje Fylkesfordelt nasjonalrekneskap var den samla verdiskapinga i Møre og Romsdal, målt som basisverdi av bruttoprodukt, i 2021 på litt under 131 milliardar kroner. Møre og Romsdal var det fylket i landet som hadde høgst volumauke i verdiskapinga frå 2020 til 2021, med 7,1 prosent målt i faste prisar. Særleg akvakulturnæringa hadde stor verdiskapingsvekst. I same periode vaks bruttoproduktet til Fastlands-Norge med 4,5 prosent.

Dei tenesteytande næringane sto for 76,4 prosent av verdiskapinga i Møre og Romsdal, som summerer seg til nesten 100 milliardar kroner. Dette inneber tenesteyting i privat sektor (ca. 48 mrd.), offentleg tenesteyting (ca. 35,6 mrd.), bygg og anlegg (ca. 9 mrd.) samt produksjon av straum og vatn/avløp/renovasjon (ca. 6 mrd.).

Industrien utan olje og gass sto for 16,3 prosent av verdiskapinga; totalt 23,7 mrd. Verdiskapinga i Møre og Romsdal knytt til olje og gass er forholdsvis liten i forhold til kor mange i fylket som er sysselsett direkte og indirekte i næringa. Årsaka er at brorparten av verdiskapinga i olje- og gassindustrien reknast for Kontinentalsokkelen samla, og tal er difor ikkje tilgjengelege for enkeltfylke.

Midt på treet i verdiskaping per innbyggar

Per innbyggar var verdiskapinga i 2021 for Møre og Romsdal ca. 493 000 kroner, og ca. 1 004 000 kroner per sysselsett, i følgje Fylkesfordelt nasjonalrekneskap. Dette er lågare enn snittet for Noreg unntatt Kontinentalsokkelen, som var på 543 000 kroner per innbyggar og 1 060 000 per sysselsett. Landssnittet påverkast i stor grad av Oslo, som har langt høgare verdiskaping per innbyggar og sysselsett enn dei andre fylka; høvesvis 932 000 og 1 281 000 kroner. Samanliknar vi med fylka elles, låg verdiskapinga i Møre og Romsdal på femteplass per innbyggar og fjerdeplass per sysselsett blant dei elleve fylka unntatt Oslo i 2021.

Møre og Romsdal har eit variert, men konjunkturutsett næringsliv

Andelen sysselsette i privat sektor er i Møre og Romsdal 63,3 prosent, som er litt lågare enn landssnittet på 64,5 prosent. Samtidig er ein høg andel av desse sysselsett i såkalla konkurranseutsett næring, særleg retta mot eksport. Møre og Romsdal er det fylket i landet som eksporterer mest per innbyggar. Verdiskapinga og arbeidslivet i fylket er difor utsett for etterspørselstrendar i utlandet, valutasvingingar og verdikjedebrot.

Nokon kommunar i Møre og Romsdal har eit meir spesialisert arbeidsliv enn andre, og arbeidsmarknaden kan difor vere meir eller mindre avhengig av utviklinga i enkeltnæringar. For å måle dette ser ein gjerne på arbeidsmarknadskonsentrasjonen i privat sektor, for eksempel ved hjelp av Herfindal-Hirschman-indeksen. Skalaen går frå 1 til 100 der ein låg skår indikerer at kommunen har eit breitt anlagt arbeidsliv med sysselsette sprett i fleire ulike næringar, mens ein høg skår indikerer at kommunen er avhengig av eit fåtal næringar. En teoretisk skår på 100 betyr at alle sysselsette i privat sektor i kommunen jobbar i same næring.

Møre og Romsdal har i 2023 ein samla Herfindal-Hirschman-skår i privat sektor på 4, mens medianskåren for heile Noreg er 7. Det indikerer at fylket har eit breiare anlagt privat arbeidsliv enn landet elles. Næringa som sysselsett flest i privat sektor i Møre og Romsdal er bygge- og anleggsverksemd, følgt av detaljhandel; fagleg, rådgivande og teknisk tenesteyting; og private helse- pleie- og omsorgstenester.

I privat sektor har Sykkylven den høgaste arbeidsmarknadskonsentrasjonen i fylket med skår 21, følgt av Sunndal med 15 og Sande med 13. Kommunane med størst arbeidsmarknadsspreiing i fylket er Ålesund, Molde, Ørsta og Herøy som alle har skår 5.

Forrige tema:
Neste tema: