9. Utdanning og kompetanse

Vidaregåande skole - søkarar og elevar

Framleis søker mange yrkesfag

Det har over tid vore god søking til yrkesfaga i Møre og Romsdal. Til Vg1 skoleåret 2026/2027 var det 63,7 prosent av søkarane som søkte seg til eit yrkesfagleg utdanningsprogram. Dette var ein liten auke frå skoleåret 2025/2026, då 63,5 prosent av søkarane til Vg1 søkte seg til yrkesfaga. Av kommunane var det på Smøla flest søkte yrkesfag, der 93 prosent av søkarane til Vg1 valte eit yrkesfagleg utdanningsprogram.  

Av dei yrkesfaglege utdanningsprogramma er det flest søkarar til utdanningsprogrammet Teknologi- og industrifag. Her var det 660 søkarar, ein auke i talet søkarar frå førre skoleår på 21 eller 3,3 prosent. Utdanningsprogrammet Helse- og oppvekst er òg godt søkt med 502 søkarar til skoleåret 2026/2027. Dette er likevel ein nedgang frå dei to føregåande skoleåra, då utdanningsprogrammet hadde høvesvis 580 og 550 søkarar. Med tanke på behova for helsepersonell i åra som kjem, er det litt urovekkande om denne trenden held fram.

Liten nedgang i søkinga til dei studieførebuande utdanningsprogramma

Det var ein liten nedgang i søkinga til dei studieførebuande utdanningsprogramma på Vg1. Til Studiespesialisering gjekk søkinga ned frå 903 søkarar til skoleåret 2025/2026 til 856 søkarar til skoleåret 2026/2027. Ser vi alle dei studieførebuande utdanningsprogramma under eitt, gjekk søkinga ned frå 1 440 søkarar til skoleåret 2025/2026 til 1 366 i 2026/2027. Det er berre i kommunane Ulstein og Stranda at det er fleire som søker seg til dei studieførebuande utdanningsprogramma enn til yrkesfaga. Til skoleåret 2026/2027 søkte 54 prosent av søkarane i Ulstein seg til dei studieførebuande utdanningsprogramma, mens 51 prosent gjorde dette i Stranda.

Totalt gjekk søkinga til Vg1 ned frå 3 940 søkarar til skoleåret 2025/2026 til 3 758 for skoleåret 2026/2027, ein nedgang på 4,3 prosent.

Store forskjellar i søkinga mellom kjønna  

Som tidlegare år er det framleis store forskjellar i søkinga til vidaregåande opplæring mellom kjønna. Til utdanningsprogrammet studiespesialisering er 64 prosent av søkarane til skoleåret 2026/2027 jenter. Det er søkinga til Helse- og oppvekstfag og Frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign er jentene i overtal, der høvesvis 92 prosent og 95 prosent av søkarane er jenter. Gutane er i overvekt i søkinga til dei tekniske faga, til dømes er 80 prosent av søkarane til Teknologi- og industrifag og heile 89 prosent av søkarane til Elektro og datateknologi gutar.

Forrige tema:
Neste tema:

Søkarar til fylkeskommunale vidaregåande skolar 2026-2027, etter skole og bustadkommune

Klikk på bildet for å se forhåndsvisning
Filstørrelse:
138 kB

Søkarar til Vg1 til fylkeskommunale vidaregåande skolar i MR-fylke etter utd.program, per 1. mars 2026

Klikk på bildet for å se forhåndsvisning
Filstørrelse:
17 kB