4. Sysselsetting og næringsliv

Landbruk - attgroing

Attgroing

Mykje av landskapet i Møre og Romsdal gror til med skog og kratt. Hovudårsaka er nedlagt eller endra landbruksdrift, både på innmark og i utmark. Beiting, seterdrift, utmarksslått, hogst og lyngbrenning har tradisjonelt halde landskapet ope. Når bruken av utmarka går ned, aukar attgroinga. Klimaendringane vil truleg forsterke denne utviklinga. Høgare temperaturar, lengre vekstsesong og meir nedbør gir betre vekstvilkår for busker og tre, slik at attgroinga går raskare.

Det finst ikkje gode tal for attgroing i utmark, men eldre flyfoto viser tydeleg at kystområde og fjelldalar gror til, og at skoggrensa flyttar seg oppover i fjellet.

For jordbruksareal gir arealressurskartet AR5 eit godt bilete av utviklinga. Dette er eit nasjonalt kartdatasett som viser korleis landbruksareal i Noreg er brukt. Kartlegginga starta i 2008, og endringar er registrerte årleg sidan. Kommunane har ansvar for løpande ajourhald, medan NIBIO gjennomfører meir omfattande oppdateringar om lag kvart femte år.

AR5 viser at Møre og Romsdal hadde nær 40 000 dekar mindre jordbruksareal i 2025 enn i 2016. Det tilsvarer ein årleg reduksjon på om lag 4 000 dekar. Noko av jordbruksarealet er bygd ned, men det meste har blitt til skog. I tillegg kjem attgroing av utmark.

Jordvern har hatt stort fokus dei siste åra. Fylkesstrategi for landbruk i Møre og Romsdal har som mål at det maksimalt skal omdisponerast 100 dekar jord til andre føremål årleg. Dette utgjer berre om lag 2,5 prosent av det jordbruksarealet som årleg faktisk går ut av drift.

Etter jordlova er det driveplikt på alt jordbruksareal. Tala viser at denne plikta ikkje alltid blir oppfylt. Færre bønder, færre beitedyr og større maskiner gjer at enkelte areal blir mindre attraktive å drive. Samtidig er oppfølginga av regelverket krevjande for kommunane.

Konsekvensar og moglegheiter

Attgroing av jordbruksareal er generelt negativt for matberedskapen. Når skog og kratt tek over, påverkar det også landskapsopplevinga i eit viktig turistfylke. Samtidig gir krattskog leveområde for fleire insekt og dyreartar, og vegetasjonen bind karbon. Mykje attgroingsareal burde vore forvalta meir aktivt, til dømes gjennom skjøtsel av lauvskog eller tilplanting. Jordlova opnar også for å pålegge skogplanting når jordbruksareal ikkje blir drive.

Forrige tema:
Neste tema: