4. Sysselsetting og næringsliv

Verdiskaping

Nedgang i verdiskapinga i Møre og Romsdal

Verdiskapinga i Møre og Romsdal gjekk ned i 2023. Ifølge fylkesfordelt nasjonalrekneskap hadde fylket ein nedgang i bruttoproduktet på 1,5 prosent målt i faste prisar, medan Fastlands-Noreg som heilheit hadde ei vekst på 1 prosent. Målt i løpande prisar, var samla verdiskaping i Møre og Romsdal på 164,2 milliardar kroner i 2023.  

Nedgangen kjem etter to år med nokso sterk vekst i kjølvatnet av pandemien. Samstundes auka talet på sysselsette i fylket frå 2022 til 2023. Det kan indikere eit fall i arbeidsproduktiviteten, om ein nyttar volumjustert bruttoprodukt per sysselsett som produktivitetsmål. Møre og Romsdal har dessutan over tid hatt relativt svakare vekst enn Fastlands-Norge samla, sjølv om tala varierer noko frå år til år. Det har ført til at fylket utgjer ein stadig mindre del av verdiskapinga i fastlandsøkonomien. Møre og Romsdal sto for 5,18 prosent av Fastlands-Noreg sitt samla bruttoprodukt i 2011, medan andelen var 4,42 prosent i 2023 målt i faste 2011-prisar – ein nedgang på 0,76 prosentpoeng. I same periode har fylkets andel av Noregs befolkning gått ned med berre 0,2 prosentpoeng.

Industrien trakk ned, medan fisk og olje trakk opp

Utviklinga i verdiskapinga varierte mykje mellom næringane. Samla sett hadde industrien ein kraftig volumnedgang i bruttoproduktet på 19,6 prosent frå 2022 til 2023. Også varehandelen hadde kraftig nedgang, med 11,9 prosent. Desse to sektorane utgjer ein stor del av verdiskapinga i Møre og Romsdal, og den kraftige nedgangen var med på å trekke den samla volumutviklinga ned. Samstundes hadde fiskeri og akvakultur ei kraftig volumauke på heile 24,1 prosent. Også olje- og gassrelatert verksemd vaks med 20 prosent, i tillegg til ei rekke mindre tenesteytande næringar.  

Sjølv om industrisektoren samla sett hadde kraftig volumnedgang, varierte utviklinga mellom dei ulike industrinæringane. Verftsindustrien hadde til dømes ei sterk vekst på 15,7 prosent, medan metall- og møbelproduksjon hadde størst nedgang med høvesvis heile 73,0 og 43,0 prosent. Også jordbruk og skogbruk fall markant, med 19,7 prosent.

Den største sektoren i Møre og Romsdal, utanom det offentlege, var tenesteytande næringar med ei samla verdiskaping på ca. 66 milliardar kroner. Den største enkeltnæringa var helse- og omsorgstenester, med ei samla verdiskaping på ca. 22,3 milliardar kroner. Verdiskapinga frå olje- og gassektoren som blir direkte tilknytt Møre og Romsdal er på si side nokså liten i forhold til kor mange i fylket som er sysselsett i næringa. Årsaka er at verdiskapinga frå olje- og gassproduksjon reknast for kontinentalsokkelen samla, og tal er difor ikkje tilgjengelege fordelt på enkeltfylke.  

Forrige tema:
Neste tema: