13. Miljø, klima og energi

Klimagassutslepp

Klimagassutsleppa gjekk opp frå 2023 til 2024

I Noreg er måla om reduksjon av utslepp av klimagassar lovfesta i klimaloven. Lova gir måla for 2030, 2035 og 2050. Måla er sett med 1990 som referanseår. Klimamåla er:

  • 2030: minst 55 prosent reduksjon
  • 2035: minst 70-75 prosent reduksjon
  • 2050: i storleiken 90-95 prosent reduksjon

Tal frå Miljødirektoratet viser at klimagassutsleppa i Møre og Romsdal gjekk opp for første gang på mange år frå 2023 til 2024. Frå 2009 til 2023 gjekk utsleppa ned nær 10 prosent, men frå 2023 til 2024 gjekk dei opp med over 2 prosent. Dei tre største kjeldene til oppgangen er auka utslepp innan sektorane energiforsyning, sjøfart og industri, olje og gass. Sektoren industri, olje og gass sto for heile 41 prosent av utsleppa i Møre og Romsdal i 2024, med sjøfart på ein klar 2. plass med 23 prosent av utsleppa, medan sektoren energiforsyning berre bidrog med 3 prosent av utsleppa. Både sektoren sjøfart og industri og olje og gass auka sine utslepp med om lag 3 prosent siste året.  

Miljødirektoratet bryt ned tala innan sjøfart på underkategoriar, men det er ikkje gjort for sektoren industri, olje og gass. Underkategoriane viser at det er havbruk, cruise og andre servicefartøy som har auka utsleppa sine mest frå 2016 til 2024, med høvesvis 77, 74 og 73 prosent. I talverdi er det cruise som har hatt størst auke i utslepp med 44 580 tonn CO2e, deretter kjem andre servicefartøy med 18 527 tonn CO2e og havbruk med 16 308 tonn CO2e. Samstundes er utsleppa redusert i andre kategoriar; passasjer har redusert utsleppa med 45 prosent, offshore med 37 prosent og gasstankskip med 30 prosent. I talverdi har passasjer redusert med 68 977 tonn CO2e, offshore med  27 664 tonn CO2e og gasstankskip med 953 tonn CO2e. Nedgangen i utslepp frå passasjerbåtar skuldast i hovudsak elektrifisering av ferjesambanda i fylket. I Norsk klimastiftelse sin kvartalsrapport tilnull 2026/2 finnast det meir statistikk om utslepp frå cruiseskip, kva cruisehamner som har landstraum og om ammoniakk og hydrogen som drivstoff i skipsfarta.

Utsleppa frå vegtrafikken går framleis ned. I hovudsak er det overgang til elektriske personbilar som har ført til reduksjonen. I 2009 sto personbilane for 58 prosent av utsleppa frå vegtrafikken, men i 2024 var dette redusert til 43 prosent. Mellom 2009 og 2024 har utsleppa frå personbilane gått ned med 44 prosent.

Forrige tema:
Neste tema: