9. Utdanning og kompetanse

Overgangen til Vg3/fagopplæring

Mange søkarar til yrkesfag gir ikkje nødvendigvis mange fagarbeidarar

I Møre og Romsdal har det over år vore god søking til dei yrkesfaglege utdanningsprogramma. Det er viktig for fylket som har stort behov for fagarbeidarar i mange næringar. Mange søkarar til dei yrkesfaglege utdanningsprogramma på Vg1 og Vg2 gir nødvendigvis ikkje mange fagarbeidarar. Etter Vg2 er det mange av elevane, i enkelte av utdanningsprogramma, som søker seg over til Påbygging til studiekompetanse på Vg3. I staden for å starte opplæring i bedrift, som lærling, er det altså mange som siktar seg mot generell studiekompetanse framfor eit vidare fagopplæringsløp.  

Det er særleg elevar på to utdanningsprogram som vel å gå Påbygg til studiekompetanse på Vg3. Av elevane som skoleåret 2024/2025 gjekk på utdanningsprogrammet Service og samferdsel, gjekk 62,5 prosent av elevane over på Påbygging til studiekompetanse på Vg3. Ein stor del av elevane på utdanningsprogrammet Helse- og oppvekstfag går òg over på Vg3 Påbygging til studiekompetanse. Heile 47,1 prosent av elevane på Vg2 vel overgang til Påbygg til studiekompetanse i staden for å halde fram mot eit fagbrev.  

Elevar på dei tekniske faga vel i liten grad Påbygg til studiekompetanse framfor eit opplæringsløp i bedrift. Til dømes er det berre 6,8 prosent av elevane på utdanningsprogrammet Teknologi- og industrifag som vel overgang til Påbygging til studiekompetanse. Tilsvarande er det 10,1 prosent og 12,6 prosent av elevane på utdanningsprogramma Bygg- og anleggsteknikk og Elektro og datateknologi som vel Påbygging til studiekompetanse på Vg3. Det er òg få elevar på utdanningsprogrammet Naturbruk som vel overgang til Påbygging til studiekompetanse, av elevane på Vg2 skoleåret 2024/2025 var det 10,2 prosent av elevane som gjorde dette.  

Forrige tema:
Neste tema: