18. Personinntekt

Hushaldningane sin økonomi

Høgast inntektsnivå i Giske

Medianinntekta samla for alle typar hushald var i 2024 høgast i Giske kommune. I Giske var medianinntekta for alle hushald på 1 034 000 kroner, til samanlikning var den på 861 300 kroner i Møre og Romsdal. Det er stor variasjon i inntektsnivået kommunane imellom. Lågast medianinntekt for alle hushald var det i Smøla og Kristiansund med 779 600 kroner og 785 600 kroner. Størst prosentvis vekst i medianinntekt for hushalda var det i Hareid kommune med 8,2 prosent. I Hareid vaks medianinntekta for hushalda frå 790 000 kroner i 2023 til 854 400 kroner i 2024. Lågast vekst i medianinntekta for alle hushald var det i Vanylven med ein vekst på 3,1 prosent frå 2023 til 2024.

Store inntektsforskjellar mellom ulike hushald

For hushaldet sin økonomiske situasjon er det sjølvsagt stor forskjell på å vere åleine eller vere i eit parforhold, der begge har arbeid og inntekt. Par med barn (0-17 år) er det hushaldet i fylket som hadde høgast inntekt, i 2024 var medianinntekta til dette hushaldet 1 485 100 kroner. Åleinebuande hadde til samanlikning ei medianinntekt dette året på 487 200 kroner. Høgast medianinntekt i 2024 for åleinebuande var det i Sunndal med 515 200 kroner. Dette året var medianinntekta til åleinebuande lågast i Vanylven med 429 000 kroner. Par med barn har sjølvsagt fleire utgifter, men har moglegheit til å dele på store faste utgifter som til dømes bustad, straum og forsikringar.  

Einslege med barn (0-17 år) hadde ei medianinntekt på 696 600 kroner i 2024. Denne gruppe har sjølvsagt dei same utfordringane som åleinebuande, i forhold til ikkje å ha nokon å dele store faste utgifter med. I tillegg må dei dekke dei utgiftene som følger med det å ha barn. Hushaldet par med barn (0-17 år) og einslege med barn hadde høgast prosentvis vekst i medianinntekt frå 2023 til 2024. Begge desse hushalda hadde ein vekst på 6,8 prosent. I kroner og øre vaks einslege med barn si medianinntekt frå 652 000 kroner i 2023 til 696 600 kroner i 2024.

Forrige tema:
Neste tema: