Eit arbeidsliv med plass til fleire
Arbeid er viktig for helse, meistring og deltaking i samfunnet. Samstundes står Møre og Romsdal, i likskap med resten av landet, overfor ei utvikling med færre i yrkesaktiv alder og fleire eldre. Høg arbeidsdeltaking og låg grad av varig utanforskap blir derfor stadig viktigare, både for den enkelte og for samfunnet.
Møre og Romsdal har gjennom fleire år hatt høgare arbeidsdeltaking enn landet samla sett. Samstundes viser utviklinga i arbeidsavklaringspengar (AAP) og uføretrygd at ikkje alle har dei same moglegheitene til å delta i arbeidslivet.
Sysselsetting
Sysselsettingsdelen blant personar i alderen 15 til 74 år har vore høgare i Møre og Romsdal enn i landet dei siste åra. I 2024 var 68,8 prosent av kvinnene i fylket sysselsette, mot 67,1 prosent på landsbasis. Blant menn var delen 74,4 prosent i Møre og Romsdal, samanlikna med 72,1 prosent i landet.
Arbeidsavklaringspengar (AAP)
Delen mottakarar av AAP har vore høgare i Møre og Romsdal enn på landsbasis i perioden 2019 til 2024. Sidan 2021 har delen auka både nasjonalt og i fylket. I 2024 fekk 4,6 prosent av innbyggarane i alderen 20 til 66 år AAP i Møre og Romsdal, mot 4,4 prosent på landsbasis. Mottakarar av AAP er ofte i ein overgangsfase mellom helseutfordringar og arbeid.
Færre med uføretrygd
Delen uføretrygda har vore lågare i Møre og Romsdal enn på landsbasis gjennom heile perioden 2019 til 2024. Dette har vore eit stabilt trekk over fleire år. I 2024 fekk 9,4 prosent av innbyggarane i alderen 20 til 66 år uføretrygd i fylket, mot 10 prosent i landet. Sidan 2019 har delen vore relativt stabil i Møre og Romsdal, mellom 8,9 og 9,4 prosent, medan han på landsbasis har vore mellom 9,7 og 10 prosent.
Auke blant unge uføre
Sjølv om delen uføretrygda samla sett er lågare enn på landsbasis, har delen unge uføre i alderen 18 til 29 år auka i Møre og Romsdal dei siste åra. Utviklinga peikar på at fleire unge fell utanfor arbeid og utdanning i ein tidleg fase av livet. Dette understrekar kor viktig det er med tidleg innsats og gode overgangar mellom skole, helse- og velferdstenester og arbeidsliv.
Trass i ein høgare del mottakarar av AAP har Møre og Romsdal både høgare sysselsetting og lågare del uføretrygda enn landet. Dette kan tyde på at mange framleis er i ein overgangsfase mot arbeid, medan færre har falle varig ut av arbeidslivet. Samstundes viser auken i delen unge uføre at utanforskap blant unge er ei utfordring som krev merksemd. For å sikre høg arbeidsdeltaking også i framtida blir det viktig å førebygge at unge fell varig utanfor arbeid og utdanning.