Innpendling frå utlandet er viktig for sysselsettinga
I 2025 var det i Møre og Romsdal 5 217 lønnstakarar som ikkje var registrert busett. Det vil seie at dei pendlar frå utlandet og jobbar i Noreg i periodar eller i turnus. Desse fordeler seg på 4 530 menn og 677 kvinner. Det er totalt ein liten vekst i talet personar som pendlar frå utlandet frå 2024 til 2025. I 2024 var det totalt 5 153 som pendla inn til fylket. I 2025 gjekk talet på menn som pendla frå utlandet til fylket ned med 15 personar, mens det pendla inn 79 fleire kvinner til fylket. Vi må tilbake til 2019 for å finne høgare innpendling frå utlandet til fylket, då pendla det inn 6 244 personar til Møre og Romsdal.
Brorparten av dei som pendlar frå utlandet for å jobbe i fylket, jobbar i sekundærnæringa. I 2025 var det 3 136 av pendlarane frå utlandet som arbeidde i denne næringa. Ein del av dei som pendlar inn til fylket arbeider i sørvisnæringar, i 2025 var det 499 personar. I tillegg til desse næringane er det 1 413 personar som er registrert i ein kategori for formidling og utleige av arbeidskraft.
Forskjellar i yrkesdeltakinga
Ser vi heile befolkninga i fylket under eitt, var det 71,7 prosent av mennene og 65,9 prosent av kvinnene som var yrkesaktive i 4. kvartal 2025. Ser vi på befolkninga utanom innvandrarar er det 66,2 prosent av kvinnene og 72,7 prosent av mennene som er i jobb. Av alle innvandrarar er 64,1 prosent av kvinnene og 66,6 prosent av mennene som var yrkesaktive i 4. kvartal 2025. Det er med andre ord ikkje store forskjellar mellom desse gruppene, spesialt blant kvinner er variasjonen i yrkesdeltakinga liten mellom desse gruppene.
Lågast yrkesdeltaking er det for gruppa; «Europa utanom EU/EFTA og Storbritannia, Afrika, Asia, Amerika utanom USA og Canada, Oseania utanom Australia og NZ, polare områder». Innvandrarar frå desse områda i verda har ei yrkesdeltaking i 4. kvartal 2025 på 58,9 prosent blant kvinnene og 58,3 prosent for menn.
For yrkesdeltakinga til den enkelte innvandrar vil sjølvsagt tidlegare skolegang/utdanning og yrkeserfaring spele inn i forhold til å bli integrert og ta del i arbeidslivet. Er skolegangen mangelfull og språkbarrierane store, vil vegen ut i arbeidslivet bli lenger.