Tilskot utløyser regional utviklingskraft
Møre og Romsdal fylkeskommune har regional utvikling som eit viktig formål. I fylkesplanen er målet at Møre og Romsdal skal ha eit internasjonalt konkurransedyktig næringsliv og ein innovativ offentleg sektor.
Fylkeskommunen forvaltar regionale utviklingsmidlar som skal brukast på utviklingsprosjekt som bidrar til å nå dette målet. Her kan kommunar, bedrifter og organisasjonar søke om tilskot til lokale og regionale prosjekt som skal gi nærings- og samfunnsutvikling i Møre og Romsdal.
Fylkeskommunen har som krav at tilskot berre kan dekke inntil halvparten av prosjektkostnadane. Det betyr at søkar og samarbeidspartar må investere eigne pengar, eigen arbeidstid eller supplere med anna finansiering for å få tilskot frå fylkeskommunen. På den måten utløyser tilskot frå fylkeskommunen meir pengar eller innsats til regionale utviklingsprosjekt.
Statistikken viser at dette har effekt. Ei samla oversikt frå 2010 til 2025 viser at fylkeskommune til saman har behandla over 2 500 søknader og innvilga nesten 1,5 mrd. kroner i tilskot til prosjekt for nærings- og samfunnsutvikling. Dette har medført samla utviklingsaktivitet til ein verdi på 4,8 mrd. kroner, altså over 3 gongar meir enn fylkeskommunen har fordelt.