3. Arbeidsmarknad

Sysselsettingsgrad

Fleire unge jenter enn gutar har inntektsgivande arbeid

Sysselsettingsgraden viser kor stor del av befolkninga i ei bestemt aldersgruppe som er i arbeid. Den blir ofte brukt som eit mål på kor godt arbeidsmarknaden fungerer, og kor stor del av befolkninga som deltek i arbeidslivet. Den seier også noko om den økonomiske berekrafta og kor godt samfunnet tek i bruk den tilgjengelege arbeidskrafta.

I 2025 hadde 68,8 prosent av innbyggarane i Møre og Romsdal mellom 15-74 år inntekstgivande arbeid*. Dette er litt over landsgjennomsnittet som var 68,2 prosent. Få land har like mange i arbeidsfør alder i jobb som Norge. I EU/EØS-området er det berre Nederland og Island som har ein høgare andel av befolkninga i arbeid enn Noreg.

Sysselsettingsgraden i Møre og Romsdal har gått ned med om lag 5 prosentpoeng frå 2007 og fram til 2025. Fram til 2014 hadde Møre og Romsdal høgare sysselsettingsgrad enn landet, men dette har jamna seg ut. For både landet og Møre og Romsdal har sysselsettingsgraden vore nokså uendra frå 2021.  

I tillegg til å følgje utviklinga over tid, er det nyttig å samanlikne sysselsettingsgraden mellom ulike grupper. Vi finn relativt store variasjonar både mellom kjønn, aldersgrupper, geografiske område, landbakgrunnar og etter funksjonsnivå.  

Både nasjonalt og i Møre og Romsdal er sysselsettingsgraden høgare hos menn enn kvinner. I fylket er sysselsettingsgraden hos menn 71,7 prosent mot 65,9 prosent hos kvinner. Forskjellen har ligge på same nivå dei siste 20 åra.  

Det er høgast sysselsettingsgrad i aldersgruppa 40-55 år, her har 83,5 prosent inntektsgivande arbeid. 46,8 prosent av dei unge mellom 15-19 år har ein jobb, og andelen er klart høgare for jenter (51,1 prosent) enn gutar (42,8 prosent). Også blant dei mellom 67 og 74 år er det ein relativt stor del på 23,0 prosent som har arbeid. Her er kjønnsfordelinga motsett, med 30,5 prosent for menn og 15,4 prosent for kvinner.

Geografiske variasjonar er også interessante å sjå på, og i Møre og Romsdal varierer sysselsettingsgraden frå 71,8 prosent i Giske til 62,9 prosent i Hareid. Høgast sysselsetting for menn finn vi i Hustadvika kommune med 74,8 prosent, og høgast for kvinnene er det i Fjord med 69,6 prosent. Størst kjønnsforskjell er det i kommunane Averøy, Haram og Vestnes.

Sysselsettingsgraden er til ein viss grad påverka av alderssamansettinga i befolkninga. Viss kommunen har ein relativ stor andel av befolkninga i aldersgruppa 15 til 25 år eller 67 til 74 år vil det resultere i ein lågare sysselsettingsgrad.

Les meir om befolkninga si tilknytning til arbeidsmarkedet i fylkeskommunen sin statistikk om kompetansebehov i Møre og Romsdal.  

*Definisjonen av sysselsette er internasjonalt bestemt gjennom FN-organisasjonen ILO; Personar som har utført inntektsgivande arbeid av minst éin times varigheit i den uka SSB gjer målinga. I tillegg reknast personar som har eit slikt arbeid, men som var midlertidig fræværande grunna sjukdom, ferie, lønna permisjon e.l. Personar som er inne til førstegongs militærteneste og personar på sysselsettingstiltak blir og rekna som sysselsette.

Forrige tema:
Neste tema: