12. Kriminalitet

Lovbrot

Auke i talet melde lovbrot

Talet på melde lovbrot i fylket gjekk ned i perioden 2005 til 2021 , frå 49,6 melde lovbrot per 1 000 innbyggarar til 34,7 lovbrot per 1 000 innbyggarar i 2021. Etter 2021 har talet på melde lovbrot stige, og i 2025 vart det meldt inn 44,3 saker per 1 000 innbyggarar. Frå 2021 har det med andre ord vore ei relativt stor auke i talet på lovbrot. Dei nasjonale tala følger same utvikling som i Møre og Romsdal, men er på eit betydeleg høgare nivå. I 2025 var det nasjonalt 60,6 melde lovbrot per 1 000 innbyggarar, ein auke frå 51,2 melde lovbrot per 1 000 innbyggarar i 2021.

Minst kriminalitet i Møre og Romsdal

Målt i talet på melde lovbrot er Møre og Romsdal det fylket som har lågast kriminalitet i 2025. Nærast nivået i Møre og Romsdal var det i Nordland, der det var 44,7 melde lovbrot per 1 000 innbyggarar i 2025. Oslo er i ei særstilling med 103 melde lovbrot per 1 000 innbyggarar. Etter Oslo kjem Agder med 64,2 melde lovbrot per 1 000 innbyggarar i 2025.

Nedgang i rusmiddellovbrot

Det har vore ein nedgang i talet rusmiddellovbrot i 2025. I 2025 var det 1 206 melde lovbrot knytt til rusmiddel mot 1 506 i 2024, ein nedgang på -19,9 prosent. I kategorien eigedomsskade har talet på melde forhold auka med 20,1 prosent frå 2024 til 2025. Det er òg ein auke i talet melde lovbrot i kategoriane ordens- og integritetskrenking og trafikkregelbrot. Begge desse kategoriane lovbrot aukar med om lag 8 prosent fleire melde lovbrot i 2025 i forhold til i 2024.

Flest melde lovbrot i Kristiansund

Det var i Kristiansund at talet på melde lovbrot i 2024-2025 (to-års gjennomsnitt) var høgst. I Kristiansund var det 63,3 melde lovbrot per 1 000 innbyggarar, tett følgt av Ålesund med 61,3 melde lovbrot per 1 000 innbyggarar. Av kommunane i fylket var det lågast tal melde lovbrot i denne perioden i Haram, med 43,9 lovbrot per 1 000 innbyggarar.

Forrige tema:
Neste tema: