Færre verksemder siste året
Det var 30 396 aktive verksemder i Møre og Romsdal ved inngangen til 2026. I 19 932 av desse var det ingen registrert tilsette, det utgjer 66 prosent av verksemdene. 4 725 verksemder hadde 1-4 tilsette. 27 verksemder hadde over 250 tilsette. Det er tre færre enn i 2025, men seks fleire enn i 2011.
Det er innan jordbruk, skogbruk og fiske at det er registrert flest verksemder, med 3 998 verksemder. Det er same tal verksemder som i 2016 og 19 fleire enn 2025. Nest flest verksemder finner vi innan omsetning og drift av fast eigedom med 3 589 verksemder. Det er 553 fleire enn i 2026 og 52 fleire siste året.
Auken i tal verksemder stoppa opp i 2023 og talet har vore nokså uendra dei siste åra. I 2026 ser vi for første gong på mange år ein liten nedgang i tal verksemder. Det er 102 færre verksemder enn året før i fylket, det utgjer ein reduksjon på 0,3 prosent. Landet hadde også ein nedgang på 0,2 prosent.
Veksten innan næringa informasjon og kommunikasjon held fram, her var auken var 5,9 prosent i Møre og Romsdal og 2,9 prosent i Noreg. Også tal overnattings- og serveringsverksemder hadde ein fin auke på 4,5 prosent i Møre og Romsdal, mot ein nasjonal vekst på 2,3 prosent. Størst prosentvis auke i tal verksemder siste året finn vi innan offentleg administrasjon og forsvar, trygdeordningar underlagt offentleg forvaltning, her var auken 7,7 prosent i Møre og Romsdal. Denne veksten finn vi ikkje nasjonalt, der er talet nær uendra.
Veksten i tal verksemder innan kultur, underhaldning og fritid som vi fekk frå 2024 til 2025, har snudd, her er det no ein nedgang både i Møre og Romsdal (-2,5 prosent) og landet (-3,4 prosent). Størst prosentvis nedgang i tal verksemder i Møre og Romsdal fekk vi innan bygg og anlegg, med ein nedgang på 5,1 prosent, heile 173 færre verksemder. Også nasjonalt var det ein nedgang i denne bransjen med 3,4 prosent. Også innan varehandel og reparasjon av motorvogner var det nedgang på 103 verksemder siste år i Møre og Romsdal. For bransjen utgjorde det ein nedgang på 3,0 prosent, mot ein nedgang på 1,6 prosent for landet totalt.

