Auke i andelen dispensasjonar
Bruken av dispensasjonar i byggesaksbehandlinga i Møre og Romsdal har i dei siste åra vore høgare enn landsgjennomsnittet. I 2025 var andelen byggesaker gitt med dispensasjon på 30 prosent i Møre og Romsdal og 19 prosent i landet totalt. Dette er basert på kommunane si eiga rapportering til SSB/Kostra.
Talet på innvilga søknader med dispensasjon har ligge stabilt på rundt 1 000 saker årleg i Møre og Romsdal. Ein viktig observasjon er altså at auken i dispensasjonsandelen i 2025 ikkje skuldast fleire dispensasjonar, men at det vart behandla og innvilga betydeleg færre byggesøknader totalt, mens talet dispensasjonar heldt seg på omtrent på same nivå.
Dispensasjon er å få unntak
Kommunane kan gi dispensasjon frå gjeldande planar og føresegner, og kan også sette vilkår for dispensasjonen. Ein dispensasjon endrar ikkje planen, men gir løyve til eit konkret tiltak som ikkje er i samsvar med planen. Dispensasjon kan givast både for mellombelse og varige tiltak.
Ingen lover eller reglar kan utformast så presist at dei alltid verkar slik lovgivar har tenkt. Difor er det alltid nødvendig og viktig å ha ein «sikkerheitsventil» som sikrar at lova ikkje får verknader for forhold som det ikkje var meint å regulere.
Det skal ikkje vere enkelt å få dispensasjon frå gjeldande planar. Dei planane og føresegnene som gjeld, er vedtekne etter grundige prosessar og faglege vurderingar. Dispensasjon er derfor meint som eit unntak, og ikkje som ei alternativ løysing til ordinær planlegging.


