19. Likestilling og demokrati

Likestillingsindeksen

Noko betring i kjønnslikestilling, men framleis nokre utfordringar

Møre og Romsdal har hatt ei positiv utvikling i likestillinga dei siste ti åra, særleg når det gjeld utdanningsnivå, kvinneleg representasjon blant leiarar og fedrars uttak av foreldrepermisjon. Kvinner har høgare yrkesdeltaking i Møre og Romsdal enn landsgjennomsnittet. Samtidig viser tala at fylket framleis har utfordringar knytte til inntektsforskjellar, deltidsarbeid blant kvinner, låg kvinneandel i lokalpolitikken og eit meir kjønnsdelt utdannings- og arbeidsliv enn landet elles. Fylket skårar under landsgjennomsnittet på 10 av 12 indikatorar for kjønnslikestilling.

Kvinner har klart høgare utdanningsnivå enn menn

I 2024 har 38,6 prosent av kvinnene høgare utdanning, mot 25,5 prosent av mennene. Begge gruppene har hatt ein sterk vekst sidan 2014, men utdanningsgapet mellom kjønna er framleis stort. Samtidig ligg både kvinner og menn i Møre og Romsdal under landsgjennomsnittet for høgare utdanning.  

Inntektsforskjellane mellom kjønna framleis store

Menn hadde i 2024 (tala er frå 2023) ei gjennomsnittleg bruttoinntekt på 699 800 kroner, medan kvinner hadde 488 700 kroner. Sjølv om inntektene har auka betydeleg for begge kjønn sidan 2014, er skilnaden framleis over 200 000 kroner.

Deltidsarbeid er langt vanlegare blant kvinner enn blant menn. I 2024 arbeidde 37,2 prosent av sysselsette kvinner deltid, mot 14,5 prosent av mennene. Det positive er at kvinneleg deltidsarbeid har gått ned frå 2023 til 2024, frå 38,8 prosent til 37,2 prosent. Det var dobbelt så stor nedgang som nasjonalt.  

Betring i del kvinnelege leiarar, men nedgang i politisk representasjon

Kjønnsbalansen blant leiarar har blitt gradvis betre. Kvinner utgjer no 38,7 prosent av leiarane, mot 34,0 prosent i 2014. Likevel er om lag seks av ti leiarar framleis menn.  

I kommunestyra er kvinner framleis underrepresenterte. Etter kommunevalet i 2023 utgjer kvinner 36,9 prosent av kommunestyrerepresentantane i fylket, medan landsgjennomsnittet er 40,6 prosent. Dette viser at den politiske representasjonen er mindre kjønnsbalansert enn i landet elles.  

Likestilling i familiane aukar

Fedrar i Møre og Romsdal tar i stor grad ut fedrekvoten. I 2024 tok 66,9 prosent av fedrane heile fedrekvoten eller meir av foreldrepengeperioden. Dette er ein klar auke frå 2014 og ligg svært nær landsgjennomsnittet.  

Barnehagedekninga er høg. 96,2 prosent av barn mellom eitt og fem år går i barnehage i Møre og Romsdal, noko som er litt høgare enn landsgjennomsnittet. Gode barnehagetilbod er ein viktig føresetnad for deltaking i arbeidslivet for begge kjønn.

Kjønnsdelte utdanningsval og arbeidsmarknad

Møre og Romsdal har framleis eit sterkt kjønnsdelt arbeidsliv. Skåren for kjønnsbalansert næringsstruktur er 0,54, mot 0,62 på landsbasis. Også kjønnsbalansen i utdanningsprogramma i vidaregåande opplæring er svakare enn landsgjennomsnittet og har blitt noko dårlegare sidan 2014. Dette tyder på at tradisjonelle kjønnsval i utdanning og arbeidsliv framleis står sterkt i fylket.

Forrige tema:
Neste tema: