8. Kultur

Kultur som grøn sektor

​​Kultur som grøn sektor​

Kulturell og kreativ næring blir ofte rekna som ein grøn sektor fordi mange kulturtilbod er tenester med lågare ressursbruk enn produksjon av fysiske varer. Samstundes krev kulturproduksjon bygg, utstyr, transport og innkjøp. Kulturfeltet som grøn sektor handlar difor både om å ta ansvar for eigne utslepp, og om å auke medvitet om klima- og miljøutfordringa i befolkninga.

Virke estimerer klimafotavtrykket frå den publikumsretta norske kultursektoren til om lag 774 000 tonn CO2-ekvivalentar (CO2e) i 2022. Næringsgruppene som er samanfatta i Virke-rapporten òg som inngår i Kulturindeksen 2025, stod samla for 386 379 tonn CO2e. Produksjon av film, video og fjernsynsprogram hadde det største fotavtrykket, med 85 715 tonn. Andre tenester knytte til kunstnarisk verksemd og underhaldningsverksemd stod for 74 181 tonn, medan utøvande scenekunst stod for 54 810 tonn. Nokre få næringsgrupper står dermed for ein stor del av fotavtrykket i utvalet.

I 2025 var det registrert 1 536 kulturelle og kreative verksemder i dei same bransjane i Møre og Romsdal. Musikk var klart størst med 574 verksemder, etterfølgt av annan kunstnarisk og underhaldningsverksemd med 232 og litteratur med 198. Desse tre gruppene utgjorde nær to tredelar av verksemdene. Film og visuell kunst hadde om lag 150 verksemder kvar, medan dataspel var minst med éi verksemd. Fylket har eit breitt kulturfelt, men òg store skilnader mellom bransjane.  

Dei største utsleppa i Virke-rapporten kjem frå indirekte utslepp gjennom kjøp av varer og tenester. Medvit om innkjøp, ombruk, deling, transport og systematisk måling kan vere sentrale område for grøn omstilling. Grønt veikart for kunst- og kultursektoren framhevar behovet for samarbeid og langsiktige rammer. Kultur som grøn sektor har såleis potensial til å redusere eige fotavtrykk og bidra til kunnskap, engasjement og meir berekraftige val.

Metodisk merknad

Virke-tala er nasjonale estimat for 2022 og kan ikkje brukast for å rekne ut utsleppstal for Møre og Romsdal. Berre næringsgrupper som kan koplast mellom Virke-rapporten og Kulturindeksen, er med. Verksemdstala for 2025 viser registrert hovudaktivitet og fangar ikkje nødvendigvis all kulturrelatert aktivitet.

Forrige tema:
Neste tema: