Førebuing til kommunestyre- og fylkestingsval i 2027
I 2027 er det både kommune- og fylkestingsval. I media ser vi allereie at det er parti som har lansert sin listetopp og at partilister tek form. Partia har framleis litt tid på seg. Listeforslaga til både kommune- og fylkestingsvalet skal leverast innan 31.03.27 kl. 12.00.
Med tanke på det komande valåret kan det vere greitt å sjå litt tilbake på korleis det har gått ved dei siste vala.
Framstegspartiet valvinnar ved fylkestingsvalet i 2023
Ved fylkestingsvalet i 2023 var det Framstegspartiet som fekk størst oppslutning med 22,0 prosent av stemmene. Nest etter Framstegspartiet kom Høgre og Arbeiderpartiet med høvesvis 19,0 og 16,2 prosent av stemmene. Senterpartiet vart fjerde største parti med 9,6 prosent av stemmene, mens Sosialistisk Venstreparti tok 5. plassen med 5,6 prosent av stemmene. Valoppslutninga ved fylkestingsvalet i 2023 var på 56,6 prosent av dei røysteføre.
Jamt fylkestingsval i 2019
Det skilte lite mellom dei tre øvste partia ved fylkestingsvalet i Møre og Romsdal i 2019. Arbeiderpartiet fekk størst oppslutning med 18,1 prosent av stemmene, tett følgt av Senterpartiet med 17,9 prosent og Framstegspartiet med 17,1 prosent oppslutning. Høgre var heller ikkje langt etter med 15,0 prosent av stemmene. Det var større avstand ned til neste parti, som var Kristeleg Folkeparti med 5,6 prosent oppslutning. Det var 57,4 prosent av dei røysteføre som gjekk til valurnene dette valet. Dette var høgare enn valoppslutninga i 2023.
Arbeiderpartiet valvinnar ved fylkestingsvalet i 2015
Arbeiderpartiet var valvinnar ved fylkestingsvalet i Møre og Romsdal i 2015. Med 24,3 prosent av stemmene var partiet eit godt stykke føre Høgre, som vart det nest største partiet med 18,0 prosent av stemmene. Framstegspartiet hadde 13,1 prosent oppslutning og var det 3. største partiet, følgt av Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti med høvesvis 10,6 prosent og 8,3 prosent av stemmene. Ved fylkestingsvalet i 2015 var valdeltakinga på 52,6 prosent.
Valdeltakinga har ved dei fire siste Fylkestingsvala vore lågare i Møre og Romsdal enn landssnittet.
Høgre med flest ordførarar
Ved kommunevalet i 2023 fekk Høgre flest ordførarar i Møre og Romsdal. I 9 av kommunane i fylket fekk Høgre ordføraren, tett følgt av Senterpartiet med 8 ordførarar. Arbeiderpartiet fekk 4 ordførarar, mens Kristeleg Folkeparti og Framstegspartiet har 2 ordførarar denne valperioden. I tillegg til dette har Sosialistisk Venstreparti 1 ordførar, og det same har ei lokal liste i ein kommune.
Av dei 27 ordførarane i fylket i denne valperioden er 9 kvinner og 18 menn. Med andre ord er det ei stor overvekt av menn som innehar denne posisjonen i inneverande kommunestyreperiode.