Auke i talet søkarar til fagopplæring
Talet på søkarar til fagopplæring aukar frå 1 224 søkarar for skoleåret 2025/2026 til 1 326 søkarar for skoleåret 2026/2027, ein auke på 102 søkarar eller 8,3 prosent. Det er vekst i søkinga til alle dei store utdanningsprogramma. Av yrkesfaga er det flest søkarar til utdanningsprogrammet Teknologi- og industrifag med 496 søkarar til skoleåret 2026/2027, ein oppgang frå 475 søkarar for skoleåret 2025/2026. Det er 214 søkarar som ønsker seg eit fagopplæringsløp i utdanningsprogrammet Elektro og datateknologi, ein auke frå 196 søkarar skoleåret 2025/2026. Etter låge søkartal til utdanningsprogrammet Helse- og oppvekstfag i skoleåret 2025/2026, aukar no søkinga frå 138 søkarar skoleåret 2025/2026 til 156 søkarar skoleåret 2026/2027. Framleis er dette låge søkartal. For skoleåret 2021/2022 var det 203 søkarar til fagopplæring, som hadde dette utdanningsprogrammet som 1. ønske. Etter stor nedgang i søkinga til utdanningsprogrammet Service og samferdsel skoleåret 2025/2026, aukar no søkinga igjen. For skoleåret 2025/2026 var det 34 søkarar som ønskte seg eit fagopplæringsløp i dette utdanningsprogrammet, mens det var 65 søkarar for skoleåret 2026/2027.
Betre gjennomføring i Møre og Romsdal enn for landet
For dei som starta i fagopplæring i 2020 hadde 66,0 prosent i Møre og Romsdal oppnådd fag-/sveinebrev etter 2 år, mens det nasjonale snittet var 56,0 prosent. Av 2020-kullet hadde 90,8 prosent fullført fag-/sveinebrev etter 5 år. Nasjonalt hadde 86,5 prosent av 2020-kullet fullført si fagopplæring med fag-/sveinebrev. Etter 5 år var det i Møre og Romsdal framleis 1 prosent av 2020-kullet som var i lære, 2,2 prosent hadde fullført læretida utan fagbrev og 6,1 prosent av 2020-kullet hadde ikkje fullført læretida si. Nasjonalt var det 9,1 prosent av 2020-kulllet som hadde slutt i løpet av læretida.
Auke i talet søkarar til fagopplæring i mange kommunar
I alle dei tre største byane i fylket var det ein auke i søkinga til fagopplæring. Talet søkarar med bustadkommune Kristiansund auke frå 106 søkarar i 2024 til 133 søkarar i 2025. Til samanlikning auka talet søkarar til fagopplæring i Molde i same tidsrom, frå 104 til 122 søkarar, mens det i Ålesund auka frå 204 til 218 søkarar. Vestnes og Herøy er døme på kommunar med nedgang i tal søkarar til fagopplæring. Til dømes var det 44 søkarar til fagopplæring i 2025, ein nedgang frå 50 søkarar i 2024 i Vestnes.

