9. Utdanning og kompetanse

Barnehage

Reduserte barnetal i barnehagane

Talet på barn i barnehagane i fylket steig mykje det første tiåret etter tusenårsskiftet. Eit barnehageforlik på Stortinget med løfte om full barnehagedekning er nok hovudårsaka til dette. Seinare vart retten til barnehageplass heimla i lov. Retten til barnehageplass gjorde at kommunane måtte legge til rette for fleire plassar, anten ved å utvide eksisterande barnehagar eller ved nybygg. I år 2000 var det 9 338 barn i barnehagane i Møre og Romsdal.  Dette auka til 14 095 barn i 2011. Det var altså ein auke i denne perioden på 4 757 barn i barnehagane, noko som seier litt om den innsatsen som kommunane har lagt ned for å auke talet på barnehageplassar på relativt få år.  

Som følge av låge fødselstal i fylket det siste tiåret, har talet på barn i barnehagane gått ned. I 2015 var det 14 162 barn i barnehagane i fylket mot 12 912 i 2025, ein nedgang på 1 250 barn eller 8,8 prosent.

Færre barnehagar

Med lågare fødselstal og med det redusert etterspørsel etter barnehageplass, er det ikkje så uventa at talet på barnehagar i fylket er redusert. I 2001 var det 302 kommunale og private barnehagar i fylket, noko som auka til 312 barnehagar i 2011. I 2025 er det 252 kommunale og private barnehagar i Møre og Romsdal.  Med andre ord ein reduksjon på 60 barnehagar sidan 2011. Kommunane har måtta ta ned igjen talet på plassar som vart bygd opp i åra etter tusenårsskiftet, som følge av nedgangen i talet på fødslar.

Høg andel barn i barnehage

I Møre og Romsdal er det ein høg andel av barna som er i barnehage. I snitt har 96,2 prosent av barna i alderen 1-5 år i fylket eit barnehagetilbod, nasjonalt er snittet 94,5. Av kommunane er det Rauma som har lågast andel barn går i barnehage, med 90,7 prosent. I Gjemnes og Sula er det over 100 prosent av barna som går i barnehage. Årsaka til at dei har fleire i barnehage enn det er barn (1-5 år) i kommunen, er at barn med bustadadresse i ein annan kommune har barnehageplass i kommunen.

Forrige tema:
Neste tema: