13. Miljø, klima og energi

Avfall frå hushald

Større delar av avfallet til materialgjenvinning, biogass og kompostering

Kvar innbyggar i Møre og Romsdal kasta i gjennomsnitt 375 kg hushaldsavfall i 2025. Dei fleste kommunane fordeler seg i to grupper. I den eine gruppa med 19 kommunar, kasta innbyggarane mellom 310 – 370 kg kvar i 2025. I den andre gruppa med 7 Nordmørs-kommunar, kasta innbyggarane mellom 440 og 498 kg kvar. I 16 kommunar har avfallsmengda per årsinnbyggar gått noko ned sidan 2016. I 10 kommunar har avfallsmengda gått noko opp i same periode. Endringane ligg for det meste på mellom 20–50 kg opp eller ned, så det er ikkje store endringar, sjølv om nokre få kommunar har større endringar både opp og ned.

Den totale mengda hushaldsavfall auka markant i Møre og Romsdal i koronaåra 2020 og 2021, som i resten av landet. Mengda er no tilbake på litt under nivået i 2016. Sett i samanheng med befolkningsauke og økonomisk utvikling, har det vore ei betring i avfalls-produksjon og -handtering i hushalda når mengda målt i tonn faktisk ikkje har auka.

Vi har blitt flinkare til å sortere. Delen utsortert avfall har auka med nær 17 prosent sidan 2016, og utgjer nær to tredjedelar av avfallet i 2025. Ser vi på ulike fraksjonar av avfall, utgjer restavfallet likevel den største avfallsmengda i 2025. Deretter kjem matavfall, og så treavfall. Vi kasta nær 15 000 tonn mat i Møre og Romsdal i 2025.

Når det gjeld handtering av avfallet, gjekk litt over 30 prosent av det totale avfallet til materialgjenvinning i 2025, ei auke i delen på 8 prosent sidan 2016. Ein del på 14 prosent gjekk til biogassproduksjon, ein auke på 14,3 prosent samanlikna med 2016. Ein del på litt under 10 prosent gjekk til kompostering i 2025, ei lita auke på 2,5 prosent. Del av avfallet som går til forbrenning har gått kraftig ned, og utgjer no om lag 41 prosent, mot 63 prosent i 2016, men har likevel eit omfang på over 42 595 tonn i 2025.

Gjennom EØS-avtalen har Noreg forplikta seg til EU sitt krav om 55 prosent førebuing til ombruk og materialgjenvinning av hushaldsavfall innan 2025. Med litt over 30 prosent av avfallet til materialgjenvinning og litt over 14 prosent til biogassproduksjon, har vi ikkje nådd målet i Møre og Romsdal, sjølv om situasjonen har betra seg. Målet for 2030 er 60 prosent. Frå 01.01.2025 kom det nye krav om separat innsamling og materialgjenvinning av tekstilavfall både frå hushald og næringsverksemd. Dette kan ha endra situasjonen noko, men tal for tekstilavfall er enno ikkje skilt ut i statistikken.

Definisjonar:

Hushaldsavfall: Avfall frå normal verksemd i eit hushald (matrestar, emballasje, papir, kasserte møblar mm), også større gjenstandar. Avfall frå private hushald, fritidsbustader, studentbustader, pleie- og omsorgsbustader reknast med. Reine massar (jord, stein og grus) og kloakkslam er ikkje rekna som hushaldsavfall. Vraka bilar, heimekompostert mat- og hageavfall er ikkje medrekna i tala.

Materialgjenvinning: Ressursar i avfallet som blir nytta som råvarer i produksjon av nye produkt eller material.

Forrige tema:
Neste tema: