Stor auke i talet på fagskolestudentar
Fagskolane gir personar med yrkesfagleg bakgrunn tilbod om ei høgare yrkesutdanning. Inngangsporten for dei fleste studentane er eit fagbrev frå vidaregåande opplæring.
Talet på fagskolestudentar i fylket har auka mykje dei seinare åra. Våren 2026 var det 575 studentar ved fagskolane, ein oppgang frå 490 studentar våren 2025. I 2021 var det 340 fagskolestudentar, det har med andre ord blitt 235 fleire fagskolestudentar i fylket sidan 2021. Dette representerer ein prosentvis auke på 69,1 prosent. Hovudårsaken til auken skuldast at fleire aktørar tilbyr slik utdanning i fylket, noko som har auka mangfaldet av studietilbod og talet på plassar.
Fagskolen i Møre og Romsdal er framleis den største aktøren
Det er framleis Fagskolen i Møre og Romsdal som har flest studentar og flest studietilbod. Fagskolen i Møre og Romsdal er det fylkeskommunale fagskoletilbodet, med avdelingar i Ålesund og Kristiansund. Tilbodet har hatt ei auke i talet på studentar dei siste åra. I 2022 var det til dømes 315 studentar ved Fagskolen i Møre og Romsdal. Våren 2026 var det 385 studentar ved skolen. Fagskolen sine tilbod i Kristiansund hadde 160 studentar våren 2026, mens tilbodet ved avdelinga i Ålesund hadde 230 studentar. Ved begge avdelingane er det tilbod innanfor maritime og tekniske fag. I tillegg har avdelinga i Kristiansund eit tilbod knytt til psykisk helse og rusarbeid.
Nye aktørar og tilbod i fylket
Dei par siste åra har fleire nye fagskoletilbod blitt etablert i fylket, mellom anna to tilbod på Åndalsnes. Der har Norsk fjellskole AS etablert utdanningstilbod som tinderettleiar. Våren 2026 hadde tilbodet 60 studentar fordelt på 50 menn og 10 kvinner. I tillegg tilbyr Fagskolen i Innlandet eit utdanningstilbod i teamleiing. Våren 2026 er det 25 studentar ved dette tilbodet på Åndalsnes.







