Møre og Romsdal har ei idrettsaktiv befolkning og aktive frivillige kulturorganisasjonar
For at Møre og Romsdal skal vere ein god stad å bu for alle, er kultur – inkludert idrett - ein viktig ressurs i stadutviklinga. Gode kulturtilbod, og aktive frivillige innan idrettslivet kan styrke lokal identitet, gi engasjement, fellesskap, integrering og aktivitet.
Mangfaldige tilbod gjer stader levande. I denne samanhengen er det interessant å sjå på kor mange som er aktiv innan idretten i Møre og Romsdal samanlikna med resten av landet. Idrettsdeltakinga i Møre og Romsdal er fjerde høgast i landet samanlikna med dei andre fylka. Statistikken viser tal aktive medlemskap i idretten delt på innbyggartalet i fylka, noko som gir ein aktivitetsdel i prosent. Ettersom ein person kan vere aktiv i fleire idrettar kan aktivitetsdelen potensielt vere høgare enn 100 prosent. Alle aldrar frå 6 år og oppover er rekna med i oversikta, og Møre og Romsdal ligg 2,5 prosent over gjennomsnittet for landet.
Idrettsindeksen viser idrettsprofilen for Møre og Romsdal. Den viser kva aktivitetar – i hovudsak idrettsaktivitet, men også friluftsliv – befolkninga deltar i samanlikna med landet. Eit tal på over 1 betyr at det er fleire aktive i denne idretten i Møre og Romsdal enn i landet. Statistikken viser at det er fleire aktive enn landet i åtte idrettar. Aktivitetane friidrett, orientering og friluftsliv, diverse idrett, fotball og vektløfting og styrkeløft er dei som skil seg mest ut i Møre og Romsdal.
Ein typisk kvalitet ved gode stader er kulturtilbod, og eigna arenaer og lokale til å drive kulturtilbod. For å legge til rette for ulik kulturell verksemd fordeler fylkeskommunen tilskot frå spelemidlane til bygging, rehabilitering og ombygging av kulturbygg. Ordninga skal bidra til å realisere egna lokale, bygningar og utearenaer som gir rom for ulik kulturell verksemd.
Det er eit stort potensial i denne ordninga, ettersom den dekker mykje forskjellig kulturverksemd, men relativt få brukar den. Potten til fordeling er heller ikkje så stor at den kan dekke behovet som høgst sannsynleg finst. Møre og Romsdal fylkeskommune får typisk mellom 4 og 5 mill. kroner i året til fordeling frå statlege spelemidlar.
Over halvparten av tildelte midlar i perioden har gått til forsamlingshus og liknande (grendehus, samfunnshus og fleirbrukshus) som er eigd av frivillige organisasjonar. Men også bibliotek, kommunale kulturhus, ungdomshus og amfi/utescener har fått tilskot.
