1. Demografi

Fødslar og fruktbarheit

Fleire fødslar i fylket

Auken i talet på fødslar i 2024 held fram i 2025. Etter berre 2 336 og 2 343 fødslar i 2022 og 2023, auka talet på fødslar til 2 483 i 2024. I 2025 vart det fødd 2 519 barn i fylket, ein auke på 36 barn frå 2024. Med andre ord om lag 180 fleire fødslar enn i åra 2022 og 2023.  

Fødselstala i fylket er framleis låge, men peikar no i riktig retning. Nasjonalt vart det fødd 55 401 barn i 2025, ein auke på 1 388 barn frå 2024.  

Fødselsunderskot i mange kommunar

I 2025 var det fødselsunderskot i 15 av kommunane i Møre og Romsdal. Det betyr at det i 15 av kommunane døyde fleire enn det vart født. For fylket som heile var det i 2025 eit fødselsoverskot på 145 personar, dette er det høgste fødselsoverskotet sidan 2021.

Størst var fødselsunderskotet på Smøla om vi ser det i forhold til folketalet, der var det eit fødselsunderskot på -22 personar som utgjer 1,0 prosent av folketalet. Sett opp mot folketalet er det kommunane Gisle og Sula som har størst fødselsoverskot. Ser vi på utviklinga i dei tre største byane i fylket for 2025, finn vi at Ålesund og Molde hadde eit fødselsoverskot på høvesvis 152 og 22 personar medan Kristiansund hadde eit fødselsunderskot på -36 personar.

Stigande fødealder nasjonalt

Den gjennomsnittlege fødealderen for kvinner i fylket var 31,4 år i 2025. Fødealderen var den same som i 2024. Nasjonalt auka fødealderen for kvinner med 0,1 år, frå 31,9 år i 2024 til 32,0 år i 2025. Den gjennomsnittlege fødealderen for kvinner i Møre og Romsdal har dei siste 20 åra auke med 1,5 år. Merk at gjennomsnittleg fødelader er snittalder for alle fødslar, ikkje berre førstefødde.

Berre i Rogaland at fruktbarheita er betre

I 2025 var fruktbarheitstalet i Møre og Romsdal 1,61, det er ei auke frå 2024 då fruktbarheitstalet var 1,58. Fruktbarheitstalet viser kor mange barn kvinner i snitt føder i løpet av livet. Det er berre i Rogaland at dei er meir fruktbare, der var fruktbarheitstalet 1,65 i 2025. Som åra før er fruktbarheita lågast i Oslo, i 2025 var fruktbarheitstalet i hovudstaden 1,33.

Forrige tema:
Neste tema: