1 av 5 cruisepassasjerar i Noreg besøker Møre og Romsdal
Møre og Romsdal sin andel av den samla cruisetrafikken i Noreg gjekk noko ned i 2025 samanlikna med året før. Totalt anløp 632 cruiseskip fylket, ned frå 651 anløp i 2024. Samla tal passasjerar som besøkte Møre og Romsdal med cruiseskip 2025 var 1 308 199, som utgjer i overkant av 20 prosent av alle passasjerar registrert på cruiseskip i Noreg gjennom året. Vestland hadde flest anløp av landets fylker i 2025, med i alt 972.
Geiranger/Hellesylt og Ålesund er landets 3. og 5. største cruisedestinasjon målt i tal passasjerar som er komne, høvesvis 594 510 og 408 665 i 2025. Også Molde (193 657) og Åndalsnes (81 657) hadde eit betydeleg tal cruisepassasjerar på besøk i 2025.
Det er verdt å merke seg at det er utfordrande å telle unike passasjerar og anløp i forbindelse med cruiseanløp. Avhengig av skipets rute kan same passasjer bli telt fleire gonger dersom skipet seglar ut av fylket, og så tilbake til ei anna hamn i Møre og Romsdal på returen. Om ein difor i staden berre teller direkteseilas frå hamner i utlandet, vert det registrert 251 573 innkomne cruisepassasjerar til Møre og Romsdal i 2025. Dette utgjer likevel berre ein del av det totale talet på reisande, då mange av cruisa som besøker Noreg har start- og snuhamn lenger sør i landet.
Skipa og utsleppa blir større, og sesongen lenger
Dei siste 10 åra har det vore ei sterk auke i cruisetrafikken både til Noreg og til Møre og Romsdal. Talet på cruiseanløp i fylket har auka med 58 prosent sidan 2016, medan tal passasjerar har auka med heile 114 prosent. I same periode har også utsleppa gått opp. Cruisetrafikk i Møre og Romsdal sine farvatn slapp i 2025 ut 102 279 tonn Co2-ekvivalenter, opp 61 prosent frå 2016. Auke i utslepp og tal anløp følger med andre ord kvarandre nokso tett, mens utsleppa per passasjer har gått ned samanlikna med i 2016.
Juni til august er framleis den heilt klare høgsesongen for cruisetrafikken, både med tanke på talet på anløp og passasjerar. Meir enn 60 prosent av alle cruisepassasjerar som besøkte fylket i 2025 gjorde det i løpet av desse tre månadene. Dei siste åra har likevel «sumartoppen» vore flatare enn tidlegare år, og både tal anløp og passasjerar vert spreidd over fleire månadar. Møre og Romsdal hadde cruiseanløp gjennom alle årets månadar i 2025.
