15. Bustadmarknaden

Igangsette og fullførte bustadar

Auke i talet på igangsette bustadar

Det vart i Møre og Romsdal gitt 754 igangsettingsløyve i 2025, ein auke frå 672 igangsettingsløyve i 2024. Det er framleis låge tal, i 2023 vart det til samanlikning gitt 913 igangsettingsløyve for bustadbygging i fylket. Det er plan- og bygningslova som regulerer fristar for oppstart av bygging og andre forhold knytt til bustadutviklinga. Det er med andre ord ikkje gitt at ein auke i løyver gir ein vekst i bustadbygginga same året eller året etter, men er likevel ein indikasjon på planlagt bustadbygging dei næraste åra. Det var òg nasjonalt ein auke i talet løyver til bustadbygging. I 2025 var det gitt 20 184 løyver mot 18 679 igangsettingsløyve i 2024.  

I 12 av 27 kommunar i fylket var det ein nedgang i talet innvilga igangsettingsløyve i 2025 samanlikna med 2024. Det er til dels store variasjonar kommunane imellom og frå det enkelte år til neste. Eit døme er Volda der det i 2024 vart gitt 2 igangsettingsløyve for bustadbygging i 2024 mot 39 løyve i 2025. Same situasjon var det i Sande og Smøla som gav 1 og 4 løyve til bustadbygging i 2024 og 12 og 24 løyver i 2025.

Auke i talet fullførte bustadar i Møre og Romsdal

I Møre og Romsdal auka talet fullførte bustadar i 2025. Det er positivt for byggenæringa at bustadbygginga tek seg opp. Dette er ei næring som har blitt ramma av konjunkturendringane, auka rente og høg prisstigning for materialar og innsatsfaktorar har bremsa aktiviteten i næringa. I Møre og Romsdal var det særs låg bustadbygging i 2024 med berre 623 fullførte bustadar, dette auka til 848 bustadar i 2025. I 2022 var det til samanlikning bygd 1 157 bustadar i fylket, så målt mot dette er bustadbygginga framleis låg i 2025. Nasjonalt gjekk talet på fullførte bustadar ned frå 24 032 bustadar i 2024 til 19 498 bustadar i 2025, ein nedgang på -4 534 bustadar.

Sjølv om bustadbygginga samla for fylket gjekk opp i 2025, var det likevel nedgang i bustadbygginga i 14 av kommunane i fylket samanlikna med 2024.

Forrige tema:
Neste tema: