Meir enn ein tredel av fylkesvegnettet har dårleg eller svært dårleg dekketilstand
Det er om lag 3 000 km fylkesveg i Møre og Romsdal, i tillegg til 184 km fylkeskommunale gang- og sykkelvegar. Det vart lagt 115 km asfalt på fylkesvegane i Møre og Romsdal i 2025, inkludert 15 km forsterking av veg. Forsterking inneber å auke bereevna til vegen ved å forsterke underlaget og legge nytt asfaltdekke. Knappe 4 prosent av fylkesvegnettet fekk dermed nytt asfaltdekke i 2025. Asfaltdekke har i gjennomsnitt ei levetid på 15 år. Dekkelegging framover i same omfang som i 2025 gir ei reasfalteringstakt på ca. 26 år.
Fylkeskommunen utfører målingar av vegdekket på fylkesvegane kvart år. Dekketilstanden blir kategorisert i to grupper på grunnlag av vegdekkemålingane: tilfredsstillande eller dårleg/svært dårleg tilstand.
Dekketilstanden på fylkesveg har vore stabil dei siste åra; nær 63 prosent av dekket er tilfredsstillande i 2025. Ca. 37 prosent av fylkesvegane har ikkje tilfredsstillande dekke, det vil seie at om lag 1 110 km fylkesveg har dårleg eller svært dårleg dekketilstand. Vegdekke-målingar vart gjort på 99 prosent av fylkesvegnettet i 2025.
Asfalteringa på fylkesveg blei kraftig redusert i 2023 og 2024 samanlikna med 2021 og 2022. Det var ei forsiktig auke i 2025, men framleis langt under nivåa i 2021 og 2022.
Samanlikna med det samla vegnettet, blir ein liten prosentdel av vegnettet asfaltert kvart år. For å få til ei monaleg auke i prosentdelen tilfredsstillande vegdekke, må fylkeskommunen asfaltere mykje meir kvart år enn i dag.
Rekneskapen viser at fylkeskommunen bruka 135 mill. kroner eksklusiv meirverdiavgift til asfaltering av fylkesveg i 2025, i tillegg til 13,5 mill. kroner til forsterking av fylkesveg. Vegoppmerking kom i tillegg på vel 10 mill. kroner eksklusiv meirverdiavgift i 2025.
Indikator for vegdekke:
- Prosentdel av fylkesvegnettet med tilfredsstillande vegdekke i 2025: 63